LITEN VEKST: Medan bedrifter i Rogaland og Hordaland førebur seg på at oljekrisa skal råke dei, er det meir optimisme i Sogn og Fjordane. Arkivfoto: Norsk Hydro.
LITEN VEKST: Medan bedrifter i Rogaland og Hordaland førebur seg på at oljekrisa skal råke dei, er det meir optimisme i Sogn og Fjordane. Arkivfoto: Norsk Hydro. (Foto: Hydro Aluminium Årdal)

Bedrifter i vest ser få teikn til vekst

Optimismen fortset å falle blant bedriftene på Vestlandet, viser ei rundspørjing blant 700 næringslivsleiarar.

Årdal/Lærdal: Næringslivet trur oljenedturen vil bli meir langvarig og vil ramme breiare enn først rekna med, går fram det av resultatindeksen som Sparebanken Vest og Respons Analyse står bak.

– Medan oljerelaterte bedrifter synest å førebu seg på at oljenedturen kjem til å vare lenge, ser vi at også andre delar av næringslivet no byrjar å ruste seg for at smitteeffekten vil ramme verksemda deira, seier konserndirektør Ragnhild Janbu Fresvik i Sparebanken Vest.

Resultatindeksen fortel korleis bedriftene har opplevd dei siste tre månadane. Han fall til eit nytt botnnivå på 57 i fjerde kvartal. Indeksen strekkjer seg til 100, og alt under 50 indikerer pessimisme.

Ulikt

Svakast er optimismen i oljefylket Rogaland, men trenden ser no ut til å flate ut, medan bedriftseigarar i nabofylket Hordaland ser mørkare på situasjonen enn før.

– Det kan tyde på at annanhands ringverknader av oljebremsen kjem i sterkare grad, seier Fresvik.

Utviklinga i Sogn og Fjordane går motstraums, og viser gjennomgåande stor optimisme på fleire parameterar.

– Det er spesielt tre næringsgrupper som er svært positive til det neste halvåret i Sogn og Fjordane, seier Fresvik og nemner reiselivsbedrifter, tenesteytande næringar og IKT-bransjen, men også industri, kraft og oljeutvinning.

– I Sogn og Fjordane er det berre eit fåtal verksemder som er betydeleg påverka av oljebremsen og oljeprisen, men derimot ei rekkje bedrifter som opplever god og stabil drift, seier regionbanksjef for bedriftsmarknaden i Sparebanken Vest Sogn og Fjordane, Olav Hjelle.

Metallindustrien og reiselivsbransjen får draghjelp av ein svak kronekurs, legg han til.

Dyrare varer og tenester

Underindeksen for sysselsetjing er den svakaste av alle underindeksar i rundspørjinga. Dette synest no å forplante seg til andre område og sektorar enn olje- og gassnæringa i Rogaland.

Det er venta sterk oppgang i utsalsprisane framover som følgje av auka kostnader. Innan varehandel, bilverkstader og annan tenesteyting svarer 36 prosent at dei vil auke prisane neste halvår.

– Eg trur den viktigaste årsaka til at mange no varslar prisauken, er den kraftige og vedvarande svekkinga vi har hatt av den norske krona i ein lengre periode, seier Fresvik.

– Skal importbedrifter vareta innteninga si, er eit verkemiddel å velte heile eller delar av dei auka innkjøpskostnadene over på kundane, seier ho. (©NPK)

Til toppen