KOM BRÅTT PÅ: Kommunalsjef Arne Johansen i Lærdal trudde han hadde løyst fastlegekabalen.
KOM BRÅTT PÅ: Kommunalsjef Arne Johansen i Lærdal trudde han hadde løyst fastlegekabalen. (Bilde: Ole Ramshus Sælthun)

Begge fastlegane i Lærdal slutta etter fire månader i jobben

– Det var uventa det som skjedde, seier kommunalsjefen.

Lærdal: I august tilsette Lærdal to nye fastlegar. Endeleg skulle det blir slutt på omfattande vikarbruk og ustabilitet i tenesta. Fire månader seinare har begge slutta.

– 2017 har vore eit krevjande år på legesenteret vårt, vedgår kommunalsjef Arne Johansen.

Det starta med at dei tre fastlegane dei hadde i tur og orden forsvann. Den eine gjekk av med pensjon, ein annan flytta til nabokommunen Årdal, medan den tredje vart sjukemeld. Når to nye fastlegar endeleg var på plass, gjekk det ikkje lange tida før begge forsvann ut døra.

– Den eine saka er veldig spesiell, så den kan eg ikkje seia så mykje om. Den andre er ein person me har tilsett og som Luster kommune har rekruttert. Det er me sjølvsagt ikkje så glade for at har skjedd, men det er noko me berre må forhalda oss til, seier Johansen.

Han fortel at dei har lyst ut begge stillingane på nytt og håpar å få tilsett to nye fastlegar før april. 

– Det har kome kvalifiserte søkarar og me har så vidt byrja på intervjurundane. Slik sett ser det lyst ut, men me skulle sjølvsagt helst ha sleppt å lysa dei ut, for me hadde nettopp tilsett to. Så det var uventa det som skjedde, seier Johnsen.

Fram til det har kome nye fastlegar på plass, er han glad for at dei har sikra seg gode vikarar i mellomtida. Dei har frå før anten jobba i Lærdal eller Årdal og kjenner området godt.

– Me er heldige som har vikarar me er trygge på og som kan levera gode legetenester til innbyggjarane, seier Johansen.

Til toppen