Sogndal: Thea Bjelde 18-åringen var fast på midtbana då Arna-Bjørnar sikra bronsen i årets Toppserie. No er ho ei av tre nominerte til årets gjennombrot i ligaen.
– Det er veldig stort, seier Bjelde.
Nervepirrande fotballfest
Vinnarane vil bli avslørt på fotballfesten i slutten av november. Blir Bjelde ropt ut som vinnaren må sogndalsjenta fram og takka for prisen foran eit stor publikum og på eit direktesendt TV-show.
– Det er ikkje akkurat det eg er mest komfortabel med, eg blir nok litt nervøs, for å seia det sånn, seier Bjelde.
Toppskårar i debutsesongen
Neste år har ho ikkje andre personlege ambisjonar enn å bli ein betre fotballspelar.
–Eg tek ikkje noko for gitt når det gjeld speletid, men vil halda fram å kjempa for ein plass i startoppstillinga, og håpar laget gjer det like godt eller betre.
Òg herrane skal kjempa om ærefulle kåringar. Sogndalspiss Sigurd Haugen er kåra til årets gjennombrot i OBOS-ligaen, i konkurranse med Kristian Thorstvedt frå Viking og Nicholas Mickelson frå HamKam.
Nysigneringa skåra 15 mål på 25 kampar etter overgangen frå Odd, mest av alle på laget.