STARTA: Ylinn Tennebø, som spelar i Kaupanger, og Thea Bjelde frå Sogndal var med då U17-landslaget tapte mot Tyskland i semifinalen i EM med minst moglege margin torsdag kveld. Foto: Thomas Brekke Sæteren.
STARTA: Ylinn Tennebø, som spelar i Kaupanger, og Thea Bjelde frå Sogndal var med då U17-landslaget tapte mot Tyskland i semifinalen i EM med minst moglege margin torsdag kveld. Foto: Thomas Brekke Sæteren.

Begge spelte frå start i det bitre semifinaletapet

Thea Bjelde og Ylinn Tennebø var med på ein svært dramatisk semifinale i J17-EM i Tsjekkia mot Tyskland som vart avgjort på straffesparkkonkurranse

Na Litavce: Det starta bra frå Noreg mot den regjerande meisteren Tyskland då Olaug Tvedten sende Noreg opp i leiing alt etter sju minuttar. Leiinga heldt 1. omgang gjennom, men fire minuttar ut i 2. omgang utlikna tyskarane.

Ylinn Tennebø frå Vågsøy, som spelar på Kaupanger, vart bytt ut eit kvarter ut i 2. omgang, medan Thea Bjelde frå Sogndal, som spelar på Arna-Bjørnar, spelte heile kampen, der 1-1-resultatet heldt seg dei to ordinære omgangane gjennom.

Les også: Tysdag startar EM-eventyret for desse to jentene

Difor måtte bataljen avgjerast på straffesparkkonkurranse, og Bjelde var først ut frå 11-meteren for Noreg. Diverre bomma ho, men det gjorde Tyskland sin utpeika også.

Så følgde to scoringar frå Noreg og to brende straffespark frå Tyskland. Då trengde Noreg berre att ein av dei to siste straffane gjekk inn, eller at Tyskland bomma på ein av sine.

Men så skjedde det einaste som kunne øydeleggja norsk sigersfest; to bom frå Noreg, to mål frå Tyskland. Dermed måtte det heile avgjerast med ei og ei straffe.

Då bomma Noreg igjen medan tyskarane scora, og EM-eventyret for Noreg stoppa i semifinalen på minst moglege margin.

Det ligg eit aldri så lite semifinalespøkjelse over Noreg sine J17-jenter i EM; dette er tredje gong dei blir slegne ut av semifinalen på tre forsøk. 

Fullstendig kamprapport på fotball.no.

Til toppen