MEIR SATSING: Hilde Horpen og Senterpartiet i Årdal meiner det er behov for ei større satsing på ungdomspolitisk arbeid. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
MEIR SATSING: Hilde Horpen og Senterpartiet i Årdal meiner det er behov for ei større satsing på ungdomspolitisk arbeid. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

– Behov for ei større satsing på ungdomspolitisk arbeid​

Hilde Horpen (Sp) bad ordføraren svara.

Årdal: Kommunestyrets yngste medlem stilte ein såkalla interpellasjon, eller førespurnad, til ordføraren i førre kommunestyret.

Der stilte ho spørsmål om ordføraren meiner det er viktig med partipolitisk uavhengig og ungdomspolitisk arbeid. 

– Underteikna har den siste tida blitt gjort merksam på at ungdomsrådet ikkje har vore representert på diverse arrangement og fora dei siste åra. Årdal Sp er difor uroa for det partipolitisk uavhengige ungdomspolitiske arbeidet, innleia ho og stilte spørsmål om følgjande.

– Kva vil ordføraren gjera for at dette arbeidet skal få høgare prioritet i skulane, ungdomsrådet og i Årdal elles? Er årsaka til fråverande deltaking i viktige ungdomspolitiske fora noko som treng større merksemd frå kommunestyret gjennom betra rammevilkår eller andre ordningar?

Ungdomsrådet som utgangspunkt

Senterpartiet meiner det er behov for ei større satsing på ungdomspolitisk arbeid i Årdal.

– Det er då heilt naturleg å ta utgangspunkt i ungdomsrådet, som er eit viktig fora for vidare ungdomspolitisk arbeid i kommunen. Ungdomen må høyrast, i heile Årdal.

Var tilstades

Blant tilhøyrarane sat medlemmane i ungdområdet i Årdal. Dei fekk med seg heile møtet torsdag, også svaret til ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap).

Artikkelen held fram under biletet.

PÅ PLASS: Ungdomsrådet var tilstades og fekk med seg heile kommunestyremøtet.
PÅ PLASS: Ungdomsrådet var tilstades og fekk med seg heile kommunestyremøtet.

– Ordføraren meiner det er viktig med ungdomspolitisk arbeid, og ungdommane er sjølvsagt engasjerte i sakene som opptar dei. Dersom Hilde tenkjer på fylkesting for ungdom, vart det drøfta, men ingen reiste. Det blir sett på innkallinga, svarte Lægreid, og lovde å ta eit møte med ungdomsrådet før sommaren for å høyra kva saker som opptar dei.

I Noreg har rundt 300 kommunar eit ungdomsråd. I Årdal har dette eksistert sidan 1998. Det sit sju representantar i rådet, og dei kan uttale seg i saker som gjeld ungdom. 

– Eg har også høyrt at det ikkje er tydeleg nok at me har ungdomsråd. Det er viktig at me synleggjer arbeidet deira, og det er viktig at me som politikarar hugsar at det ikkje berre er skulane, men at dei brenn for mange ting. Det er viktig at me inkluderer dei og lyttar til dei. Difor trengst det å løftast, la Horpen til. 

Engasjerte ungdommar

Det er Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) som er kommunestyret sin representant i ungdomsrådet. 

– Me hadde møte onsdag, og me diskuterte kva som er viktig for dei. Dei brenn for dei nære sakene, som omhandlar deira levevilkår. Dei uttalte seg nyleg om Hydroparken, der dei er positive til å få fleire arbeidsplassar. Vidare har me drøfta rusmiddelpolitisk handlingsplan med innspel om å halde fredagsope i hallen. Dei er også i gong med blås grønt-aksjon 16. mai, fortalte ho.

Vil gjera ungdomsråd lovpålagt

Medan eldreråd og råd for personer med nedsett funksjonsevne er lovpålagt, er ungdomsråd frivillig. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har for tida ute ei høyring, der dei ber om innspel på at ungdomsråd framleis skal vere nettopp det.

Det er ungdomsrådet i Årdal usamde i. I sitt møte onsdag gjorde dei eit vedtak, som Brandsdal gjentok.

– Det er føreslått at ungdomsråd framleis skal vera frivillig. Årdal ungdomsråd meiner det gir feil signal til ungdommane når det gjeld å engasjere seg i politiske saker som gjeld dei. Me vil at ungdomsråd skal bli lovfesta.

Vedtaket blei møtt med applaus, og Brandsdal bad ordføraren syta for at dette blir handsama neste gong dei folkevalde møtast. 

Til toppen