MEININGAR: Det er behov for utvida permitteringsperiode, meiner Roger Pilskog og Grete Karin Berg.
MEININGAR: Det er behov for utvida permitteringsperiode, meiner Roger Pilskog og Grete Karin Berg. (Foto: LO / Moment studio)

MEININGAR

Behov for utvida permitteringsperiode

«Regionen vår står i fare for å miste arbeidsplassar og tape sentral og viktig kompetanse, som skal være med og løfte landet inn i det grøne skiftet; lukkast ikkje Vestlandet, lukkast ikkje Norge».

Meiningar: Dei mange tiltaka som har vore sette i verk i samband med pandemien har samla sett vore til god hjelp for bedriftene. Derimot vil NHO og LO understreke at krisa i næringslivet framleis er svært alvorleg. Vestlandet er og sterkt råka av oljeprisfallet, og 34 prosent av NHO sine medlemsbedrifter i Vestland har framleis tilsette som er permitterte.

Det er viktig at bedriftene unngår å måtte gå til oppseiingar og kan behalde den kompetansen dei har tilsett i bedrifta når aktiviteten etter kvart tek seg opp. Mange tilsette som blei permittere allereie i mars nærmar seg etterkvart grensa for maks permitteringsperiode som i dag er 26 veker.

Dobling på to månadar

Bedrifter og tillitsvalde må no gå i prosess og vurdere om det er arbeid for dei permitterte igjen når dei 26 vekene er over. Til dømes innanfor reiselivet er det lite truleg at ein vil få eit brått oppsving til hausten. Også tilsette på til dømes flyplassar er no svært nær tidspunktet for oppseiingar. Det same gjeld ein del av industrien i vår region, som i tillegg til oljeprisfall no går utfordrande tider i møte. Truleg må difor mange bedrifter no setje i gang oppseiingsprosessar for å klare seg gjennom hausten og vinteren.

Me har over tid sett ei svak auke i tal bedrifter i Vestland som har gjennomført oppseiingar. Den 24. juni svarar 10 prosent av bedriftene i Vestland at dei har sagt opp tilsette. Tilsvarande tal i slutten av april var 5 prosent. Ei dobling på to månader.

Kompetanse kan gå tapt

Bedriftene me har snakka med er tydelege på at dei ynskjer å behalde dei tilsette og deira kompetanse i bedrifta. Mange av dei tilsette med spesialiserte jobbar innanfor bransjar som fortsett er sterkt råka av smitteverntiltak vil heller ikkje ha anna arbeid å gå til andre stadar. Alternativet er arbeidsløyse, at dei tilsette søkjer seg til andre bransjar eller tek meir utdaning. Uansett vil kompetansen dei representera vere tapt når aktiviteten tek seg opp att.

For lærlingar som er permitterte kan ei slik prosess i verste fall føre til at dei ikkje gjennomfører, og vil vere i fare for å kome på negative statistikkar. Fleire årskull med opparbeida kompetanse står i fare for å gå tapt.

Tilbakemeldingar frå bedrifter som Dale of Norway og svært mange andre knytt til reiseliv eller industri, er at dei ventar at oppseiing av tilsette er einaste løysning dersom regjeringa ikkje endrar permitteringslengda.

Forlenge permitteringsperioden

NHO og LO ber difor om ei snarleg endring i permitteringslønsregelverket slik at perioden med fritak for lønnsplikt under permittering utvidast til 52 veker. Oppseiingsprosessar er belastande for både bedrifter og tilsette, det krev tid og store ressursar. Samtidig er rekrutteringsprosessar når aktiviteten tek seg opp att, tilsvarande kostnads- og ressurskrevjande.

Etter vårt syn er det nødvendig å forlenge permitteringsperioden no slik at vi unngår denne type unødige og fordyrande prosesser. Me minner om at permitteringsperioden blei utvida til 52 veker (49 veker utan lønnsplikt) etter oljeprisfallet i 2016 nettopp på bakgrunn av same tankegang.

Regionen vår står i fare for å miste arbeidsplassar og tape sentral og viktig kompetanse, som skal være med og løfte landet inn i det grøne skiftet; lukkast ikkje Vestlandet, lukkast ikkje Norge.

Til toppen