SKJØNNHEITSBEHANDLING: Her voksar og fargar Iselin Solbakken bryn på ein kunde.
SKJØNNHEITSBEHANDLING: Her voksar og fargar Iselin Solbakken bryn på ein kunde. (Foto: Linda Watten/NRK )

Behovet for skjønnheit og velvære gjorde til at Lux House måtte ekspandera

Førre helg feira dei at dei har fått ny og større salong.

Sogndal: – Det er eit stort behov for dette blant folk, og med lange ventelister samt for lite plass, tok me moglegheita då me fekk den, seier Mariska Solheim.

Saman med Iselin Solbakken starta ho salongen Lux House Sogndal i 2016, og sidan har det berre gått oppover. I dag er dei sju tilsette som jobbar der. 

Arne Nes er mannen som solgte huset som i dag husar dei nye lokala til Lux House. 

– Me er så takksame og glade for at han gav oss den moglegheita, seier Solheim. 

Eit aukande behov 

Damene meiner at grunnen til at folk har eit auka behov for skjønnheit og velvære er enkel.

– Det blir fleire og fleire som treng litt eigentid i ein stressande kvardag. Med pleie får dei eit lite avbrekk i kvardagen, seier Solbakken.

LUX HOUSE: Damene på Lux House. Foto: Privat

– I tillegg har me mange kundar med til dømes hudproblem som ikkje har fått hjelp tidlegare, men hjå oss kan dei få både rettleiing, hjelp, og produkt, skyt Solheim inn. 

Alderen på kundane som er innom salongen strekkjer seg over eit langt tal. 

– Me har kundar frå 18 til 80 år. I tillegg kjem det både menn og kvinner til oss. Alle fortener litt luksus i kvardagen, seier damene. 

Eit tilbod for alle 

I dag tilbyr salongen det meste innanfor skjønnheit, hudpleie, og velvære. 

LUX HOUSE: På opningshelga kunne ein få brynstyling ved kjøp av produkt. Foto: Lux House

– Me har behandlingar for hud, kropp, negler, og føter. I tillegg tilbyr me behandlingar innan vipper, bryn, permanent sminke, tannbleking, voksing, og spray tan, samt kosmetisk-dermatologiske behandlingar frå to kosmetiske sjukepleiarar, seier Solheim.

Det er liten tvil om at dei to damene verkeleg har satsa på sitt felt, og då er erfaringa dei sit på god å ha.

– Eg har fleire kurs og relevant utdanning innafor mitt felt, fortel Solbakken, som spesialiserer seg på skjønnheitsbehandlingar. 

Såg behovet for ein salong i Indre Sogn 

Solheim har studert både i Sør-Afrika og England, og tok like godt med seg 15 år med erfaring til Lux House. 

– Eg jobba på Bestebakken på Hafslo i ti år, og Iselin hadde eigen salong heime hjå seg. 

Etter ei stund såg dei at behovet for skjønnheit og velvære var stort, og dermed satsa dei hardt. 

– Sogndal er hjarta i Indre Sogn, og ved å ha ein salong her er det enkelt for kundar frå alle kommunar å koma seg hit. No føler me oss veldig heldige. Folk brukar tilbodet, og me er svært takksame for alle kundane me har som har støtta oss i fleire år no.

Brenn for det dei driv med 

Førre helg feira dei med fleire kurs, goodiebags, konkurransar, og gode tilbud heile helga. 

OPNINGSHELG: Det var både raud løpar, fingermat, gode tilbod, og nøgde kundar under opningshelga. Kollasje: Lux House

– Det blei ei veldig bra helg, og ei flott opning for den nye salongen. Me er takksame både for alle kundane som stakk innom, men òg for samarbeidspartnarane våre som har vore med på å gjere det me elskar mogleg for oss, seier Solheim. 

No håpar damene at folk vil halda fram med å bruka salongen slik at dei kan få jobba med det som betyr mest for dei. 

– Me er verkeleg glade for at me får skapa ein stad i Indre Sogn der folk kan få god kvalitetsbehandling med best mogleg kompetanse og produkt. 

Til toppen