FEKK SVAR: Dei som var råka av flaumen fekk svara på spørsmåla sine på eit informasjonsmøte måndag kveld. Foto: Eivind M. Øren.
FEKK SVAR: Dei som var råka av flaumen fekk svara på spørsmåla sine på eit informasjonsmøte måndag kveld. Foto: Eivind M. Øren.

Bekymra flaumofre fekk svar på spørsmåla sine

Mandag kveld vart det arrangert informasjonsmøte i kulturhuset Trudvang i Aurland om handteringa av naturskadane etter flaumen, og fleire bekymra ofre fekk svar på spørsmåla sine om kvar og korleis dei kan få støtte til attreising etter skadane. 

Møtet måndag kveld var eitt av to møte som skal finne stad i Aurland denne veka og fokuserte på dei som har fått skade på eigedom som er disponert til jordbruk og anna produksjon.

Det andre møtet for eigarar av vanlege husstandar som vart råka av flaumen vert arrangert tysdag morgon, og vil fokusere på erstatningskrava og prosessane som gagnar deira situasjon.

Måndagens møte orienterte om dei forskjellige erstatningskrava som er spesifikke for eigedom som vert nytta til produksjon, som kva som vert dekka under forskjellige forsikringsplanar og kva rettigheiter dei råka har til stønad for attreising eller kompensasjon.

Ein representant frå Norsk Naturskadepool og seksjonssjef i Jordbruksdirektoratet, Gunn Eide, stod for presentasjonane, og hjelpte dei råka med å få oversikt over kva dei kan forvente og kva dei burde gjere framover i behandlingsprosessane.

Bekymra for vassmengdene

Fleire av dei som stilte spørsmål etter presentasjonane var ferda uttrykte bekymring over den framleis trugande vassmengdene i elveleia innad i kommunane.

Det er framleis mykje omplassert jord- og steinmasse som endrar retningane og nivåa på vatnet, og fleire eigedommar er enno truga av potensielle flaumar og øydeleggjelsar.

Ein representant frå NVE la ut om arbeidet som er gjort til no og planane framover for å betre situasjonen, og råda folk til ikkje å ta saka i eigne hender.

– Me er klar over at situasjonen er vanskeleg, men me måtte prioritere vegane i byrjinga slik at me fekk fram maskinene me treng i gravearbeidet.

– Dei er no på plass, og me arbeider så fort me kan for å få vekk den overflødige massen som forstyrrar det naturlige laupet til elveleia. Me anbefalar ingen å ta saka i eigne hender og byrje å grave med eigne maskiner, då dette kan få uforutsigbare konsekvenser, og i verste fall kan gjere meir skade.

– Dersom de er nervøse, rådar me dykk til å kontakte kommunen, så dei kan kontakte oss med eit meir oversiktleg bilete av situasjonen, så skal me ta oss av det så fort som råd.

Nøgd med kvelden

Lensmann Per Tomas Klingenberg har vore i kontakt med fleire av dei utsette som var til stades på mandagens møte og er nøgd med oppmøte, mottagelsen av informasjonen som vart presentert, og kontakten mellom dei forskjellige partane som no er oppretta. 

Etter publikum fekk stilt spørsmål til podiet var det lagt opp til meir personleg kommunikasjon mellom dei råka og representantane frå dei ulike organisasjonane.

Dette meiner Klingenberg gjer det lettare for dei råka å få meir oversikt over kva dei kan gjere vidare, og fjerna mykje tvil og unødig nervøsitet i ein allereie svert vanskeleg situasjon.

– Informasjonen var oversiktleg og enkel å følge, og tatt i betraknting kor få av spørsmåla som vart stilte hadde med forsikring og kompensasjon å gjere vil eg seie at publikum fekk ei god forståing av korleis situasjonen deira står og kva dei må gjere vidare.

– Dette har vore ein viktig kveld, og kontakten som no er oppretta mellom dei råka og aktørane i attreisingsarbeidet vil gjere det mykje lettare for alle partar å arbeide meir målretta og effektivt. 

Tysdagens møte vil som nemnt ta føre seg dei som mista privatboligar i flaumen, og finn stad i kulturhuset klokka 10:00.

Til toppen