Åtte:  Rovviltnemnda har sett kvoten for lisensjakt på jerv til åtte løyver. Illustrasjonsfoto: John Lambela/Statskog
Åtte:  Rovviltnemnda har sett kvoten for lisensjakt på jerv til åtte løyver. Illustrasjonsfoto: John Lambela/Statskog

Bekymra for beitesesongen

Åtte jervar kan skytast under lisensjakta. – Det viktigaste er at SNO tek ut løyva som blir att, seier Erling Offerdal.

– Me er kjempeheldige om me unngår store tap i år. Her rundt Ofredalen har det vore ei jervetispe i heile vinter, eg har hatt ho heilt nede ved garden fire gonger, seier leiar i Årdal sau og geit og Ofredal beitelag, Erling Offerdal.

Oppmodar jegerar til å registrera seg

Rovviltnemnda tildelte nyleg lisenskvote for region 1, som Sogn og Fjordane ligg i. Kvoten, som gjeld for heile regionen, er på åtte jervar og tre ulvar.

– Såpass må det vera, men det viktigaste er at Statens Naturoppsyn følgjer opp og tek ut løyva ein ikkje får nytta under lisensjakta. Det er svært krevjande å ta ut jerv under ordinær lisensjakt med topografien i våre områder, og når ein ser kor få jervar som er tekne ut på denne måten dei siste åra kan ein ikkje venta anna enn at det blir att mange løyver. Denne jakta blir rein bingo.

Jakttida for jerv er frå 10. september 2016 til 15. februar 2017. Jegerar kan registrera seg som lisensjegerar i Jegerregisteret.

– Det er enkelt å registrera seg, så eg oppmodar alle som jaktar i fjellet til å gjera det. Di fleire som kan ta ut jerv, di større er sjansen for å få uttak på denne måten, seier Offerdal.

Når lisensjaktperioden er over kan Direktoratet for Naturforvaltning iverksetja ekstraordinært uttak, det vil seia at Statens Naturoppsyn (SNO) kan gjera uttak med bruk av helikopter.

– Klarar ein å ta ut fem-seks jervar kvart år, byrjar det å hjelpa på. Det politiske bestandsmålet er 39 ynglingar av jerv i landet, no er det faktiske talet over sytti. Og det må gå an å leva for beitedyra våre, seier Ofredal.

Spesielt bekymra for yngling i området

Vidare fortel han at det er registrert jervespor i både Mørkridsdalen, Skjolden og mot Jostedalen denne vinteren. Det vart også skote ein hannjerv i Mørkridsdalen i april. 

Les også: Tok ut jerv i Luster

I fjellområda mellom Årdal og Lærdal, der det var store tap til jerv i 2014, har bøndene og SNO følgd godt med utan at det har vore registrert spor eller observasjonar av jerv. Men her var det heller ikkje teikn til jerv på vinteren og våren før "krisesesongen".

I Nordfjella mellom Lærdal og Aurland tok SNO ut ei jervetispe i februar. I tillegg felte naturoppsynet ein hannjerv på Hardangervidda, som grensar til Nordfjella, i april. Denne jerven hadde store skader ein rekna med stammar frå kamp med ein annan jerv ettersom det fanst to par spor i området.

Les også: Tok ut jervetispe i Nesdalen

Ofredal fortel at sauene sleppte til fjells tidlegare i sommar førebels ikkje har vorte utsette for jerveåttak.

– Men det er først dei siste dagane at sauene er komne opp mot høgfjellet, så faren har ikkje vore veldig stor så langt. Eg vil ikkje vera negativ, men ettersom eg har sett jervespor kvar einaste gong eg har vore til fjells denne vinteren og våren, og det dessutan er slik at tispene ofte etablerer seg i eit område, er eg verkeleg bekymra. Så eg trur me ligg an til å få størst utfordringar her på halvøya mellom Årdal og Luster. Spesielt om tispa ynglar her blir det fort store tap ettersom ho då er spesielt på jakt etter mat. 

Til toppen