DIALOG: Kristen Olav Grøttebø, kommunestyrerepresentant for AP, tykkjer samarbeidsklimaet mot Årdal har kjølna. Han etterlyser dialog for å få rydda opp i kva det måtte vera. Foto: Ole Ramshus Sælthun 
DIALOG: Kristen Olav Grøttebø, kommunestyrerepresentant for AP, tykkjer samarbeidsklimaet mot Årdal har kjølna. Han etterlyser dialog for å få rydda opp i kva det måtte vera. Foto: Ole Ramshus Sælthun 

Bekymra for samarbeidet med Årdal

Kristen Olav Grøttebø i Lærdal Arbeidarparti tykkjer samarbeidsklimaet mellom dei to naboane har kjølna.

Lærdal: – Kanskje er det berre ei kjensle eg har, men eit par saker i det siste har fått meg til å føla at noko ikkje stemmer, sa Kristen Olav Grøttebø (AP) under kommunsetyret i Lærdal torsdag.

Sakene han viser til er samarbeid om barnevernstenesta og byggjesaker.

For barnevernstenesta låg det an til eit samarbeid mellom Årdal, Lærdal og Aurland ettersom ingen søkte på den utlyste stillinga som barnevernsleiar i Årdal. Samarbeid her tykkjer Grøttebø hadde vore ei god løysing.

– Dette er eit veldig godt høve. Alle kjenner alle i små kommunar, difor er det spesielt krevjande å jobba i barnevernet slike stader. Eit samarbeid kommunane mellom ville hjelpa på her.

– Må få rydda opp i det - kva det enn er

Grunngjevinga for at Årdal førebels har gått tilbake på tankane om samarbeid på barnevern, er at det i seinare tid har kome søkjarar til den utlyste stillinga som barnevernsleiar - i følgje rådmann Olve Fossedal:

– Men viss det viser seg etter den runden at ingen av søkjarane er skikka nok til ei slik stilling, skal me sjå på andre modellar med andre kommunar – ikkje før, sa han til formannskapet i Årdal denne veka.

Les også: – Barnevernsleiar ei viktig stilling å ha i kommunen

Lærdal står utan byggesakshandsamar for tida. Etter at byggesakshandsamaren slutta i stillinga si 1.august har kommunen halde posten vakant grunna tronge økonomiske tider. Her freista dei også til eit samarbeid over fjellet om kapasitet på saksfeltet, men heller ikkje det ser ut til å bli noko av.

– Det verkar som om noko stoppar opp når spørsmåla kjem opp politisk. Eg veit ikkje kva det eventuelt er, men om det er noko må me få rydda opp i det, seier Grøttebø.

– Lengre frå Lærdal til Årdal enn omvendt

Han har jobba i Årdal i 17 år, og tykkjer årdølene er flinkare til å slutta opp om det som skjer i Lærdal enn vice versa..

– Ikkje mange her kjenner årdølene betre enn meg. Det har ikkje vore vanskeleg å få til samarbeid før, og Årdal er større enn Lærdal så me treng ei utstrakt hand av og til - me er avhengige av dei. Diverre har det ein tendens til å vera lengre frå Lærdal til Årdal enn Årdal til Lærdal. Årdølene er alltid veldig flinke til å koma hit.

– Meiner du det kan liggja usemje i nokre særskilde saker bak - om det er slik at forholdet har kjølnapå grunn av noko slikt?

– Nei, ikkje som eg veit om. Men eg tykkjer ordføraren kan få i stand eit møte med Årdal så me kan pratast litt.

BARNEVERN: Ordførar Jan Geir Solheim skulle gjerne ha fått til samarbeid med Årdal på barnevern, men tykkjer ikkje klimaet generelt er kjøleg med naboen i nord.
BARNEVERN: Ordførar Jan Geir Solheim skulle gjerne ha fått til samarbeid med Årdal på barnevern, men tykkjer ikkje klimaet generelt er kjøleg med naboen i nord.

– Synd om me ikkje får til noko på barnevern

Ordførar Jan Geir Solheim har ikkje den same kjensla som Grøttebø.

– Eg skjønar ikkje den heilt. Me samarbeider veldig godt med Årdal spesielt på landbruk, IT og spesialpedagogikk. Og me har veldig mange årdøler i høge stillingar i Lærdal. Men det er litt synd om me ikkje får til noko på barnevern, det treng me verkeleg.

– Kunne det vera ein idé med eit møte, som Grøttebø nemner?

– Eit felles formannskapsmøte kan nok løna seg.

NABO: – Me samarbeider med Lærdal som ein nabokommune og gjer så godt me kan for å få det til å fungera godt, seier årdalsordførar Arild Ingar Lægreid. Arkivfoto
NABO: – Me samarbeider med Lærdal som ein nabokommune og gjer så godt me kan for å få det til å fungera godt, seier årdalsordførar Arild Ingar Lægreid. Arkivfoto

– Samarbeid er ikkje berre enkelt

Årdalsordførar Arild Ingar Lægreid legg ikkje skjul på at samarbeid er utfordrande, men oppfattar ikkje klimaet dei to kommunane i mellom som kjøleg.

– Me samarbeider med Lærdal som ein nabokommune og gjer så godt me kan for å få det til å fungera godt.

– Særskild dette med barnevern blir trekt fram - kva tenkjer du der?

– Det har me ønskja i fleire år, med både Lærdal og Aurland. Men me får ikkje alltid til som me vil. Så skal det seiast at me har gitt rådmannen mandat om eit mogleg samarbeid her.

– Ligg det usemje i spesielle saker og ulmar under overflata?

– Nei. Men det er mykje me ønskjer å ha i kvar enkelt kommune, så samarbeid er ikkje berre enkelt.

– Ordførar Solheim snakkar om å få til eit felles formannskapsmøte - kva tenkjer du om det?

– Eg er viljug til noko slikt, om nødvendig. Me har snakka om det, men ingenting er slege fast.  

 

 

 

Til toppen