OPPLEVING: Heile gruppa samla på Avdalsbrua med Avdalsfossen som bakgrunn. Både Hjelle og Avdalsfossen imponerte gjengen. Foto: Privat
OPPLEVING: Heile gruppa samla på Avdalsbrua med Avdalsfossen som bakgrunn. Både Hjelle og Avdalsfossen imponerte gjengen. Foto: Privat

Belgiarar fekk vera med på rundreise i «indrefileten»

Arne Grønevik gav til slutt etter for presset og tok med seg ei gruppe på åtte frå Belgia, for å syne fram det han kallar «indrefileten» av Noreg. 

Årdølen Arne Grønevik har eit 12 år langt opphald i Brussel i Belgia bak seg. Der vart han medlem av gåklubben Nordic Fitness Club Brussel (NFBC), som har fleire hundre medlem (sjå faktaboks). 

Då han har skytt av heimbygda og Indre Sogn, har vener i klubben over lang tid har ønska at han skulle arrangere tur til Noreg. Då Grønevik kom heim til Årdal i 2012, vart han kjend med Årdal Gålag og denne sommaren gjekk det troll i ord. Åtte belgiarar frå gåklubben i Brussel kom for å sjå og oppleva det Grønevik snakka om. 

Laga til turopplegg

I lag med medlemar i Årdal Gålag og leiaren Gunvor Nordås, la dei opp ei vekes tur for belgiarane, med utgangspunkt frå Utla Camping, der dei leigde seg inn i hytter. 

Artikkelen held fram under biletet

TYIN: Jackie Dumazert og Jacques Domen på utsikta Skinneggi ved Tyinholmen.
TYIN: Jackie Dumazert og Jacques Domen på utsikta Skinneggi ved Tyinholmen.

– Eg er verkeleg takksam for kor flott camplingplassen har vorte. Me budde der, det var eit godt alternativ for alle turane me tok, seier Grønevik, då han tok turen innom Porten.no i lag med Nordås og den siste belgiaren som enno ikkje hadde reist, Odile Somer. 

Somer har alt vore her nokre gongar no og besøkt dei fleste toppane. Godt kjend har ho også vorte med årdølene i gålaget. Somer har også fortald heime om kor flott ho tykkjer det er her, sjølv om ho har opplevd betre vêr enn i sommar. 

– For ei oppleving å få gå på turar i dette området. Her får ein både utsikt og trening på same tur, seier ho. 

Somer vil også gjerne invitere årdøler i Brussel, slikt at klubben kan få varte opp på same måte, seier ho. 

Artikkelen held fram under biletet

TURAR I OG RUNDT ÅRDAL: Odine Somer, Arne Grøevik og Gunvor Nordås fortel om opplevingane frå turane som Årdal Gålag og ei gruppe på åtte belgiarar frå gåklubben Nordic Fitness Club Brussel hadde i området.
TURAR I OG RUNDT ÅRDAL: Odine Somer, Arne Grøevik og Gunvor Nordås fortel om opplevingane frå turane som Årdal Gålag og ei gruppe på åtte belgiarar frå gåklubben Nordic Fitness Club Brussel hadde i området.

I sol og opp til snø

Og turar vart det. Og sjølv om den belgiaske klubben er kjend for å gå med stavar, viste det seg at det ikkje var lite enkelt når underlaget ikkje er flatt. 

I lag med Årdal Gålag, gjekk første turen frå Tyinholmen til Utsikten, som er kjend frå Åsmund Olavson Vinje sine turar. Snøen låg endå i bakkane, men gruppa var særs nøgde. Stålande vêr gjorde også at dei hadde panaramautsikt over store delar av Jotunheimen. 

Seinare vart det tur til Solvåren med ferje over til Urnes og stavkyrkja der før dei drog inn Jostedalen til Nigardsbreen, med stopp på det nyoppbygde bremuseet før turen gikk over Tindevegen tilbake.

Artikkelen held fram under biletet

MED STAVAR I UTLADALEN: Geneviève Vlasselaer (fremst), Antoinette Timmermans (f.v), Gunvor Nordås og Guy Weber på vegen inn mot Vettis.
MED STAVAR I UTLADALEN: Geneviève Vlasselaer (fremst), Antoinette Timmermans (f.v), Gunvor Nordås og Guy Weber på vegen inn mot Vettis.

Dei gjekk over fjellet frå Erdal til Aurland og vidare til Flåm og Underdal, med ein gåtur langs fjorden mot garden Stigen, før dei tok turen med T/R Myrdal. Dei rakk også å oppleva turen frå Vindhella i Lærdal langs Kongevegen til Borgund stavkyrkje. 

Og sjølv om den fransktalande gjengen frå Brussel snakka lite engelsk, fortel både Nordås og Grønevik at praten gjekk livleg.

– Då fleire av belgiarane hadde stor interesse i botanikk, geologi og fuglekikking på turane vart det mykje stopp for fotografering og diskusjonar, seier Nordås.

Ho legg til dei til og med stoppa for å studere og fotografere mosen på steinane. 

Liten erfaring bratte Vetti

Gålaget tok gjengen med inn til Vetti gard, der Vettisfossen var målet. Men då det hadde regna og stigen var sleip, fortel Grønevik at dei ikkje tok sjansen på å sleppa belgiarane utfor. Det var ikkje akkurat terreng dei var van med og i tillegg hadde dei alle runda 70 år. 

– Me kan skryta av ein foss i Ardenne på 15 meter, seier Somar lurt. Ho legg til at det høgste fjellet i Belgia er Signal de Botrange på 694 meter. 

Etter turen spanderte Årdal Gålag middag på Fondsbu ved Eidsbugarden der bestyraren Solbjørg Kvålshaugen sang så vakkert for dei.

Dei øldrikkande belgiarane måtte også innom det nye bryggeriet i Øvre Årdal, for å teste varene. Sjølv då dei kjem frå eit land med hundrevis av bryggeri og øltypar, vart dei imponert over både anlegget og drikka, fortel Grønevik. 

Har fått augene opp for plassen

Tilbakemeldingane frå belgiarane etter turen er overveldande, fortel Grønevik. Etter dei kom heim, har dei speidd ordet og fortalt om opplevingane i Sogn. Han ser nok ikkje bort i frå at det dukkar opp enda fleire frå den belgiske gåklubben til neste sommar. 

– Årdal er ei perle omringa av fjell og fossar. Det er verkeleg flotte turruter for folk i alle aldrar, seier Grønevik. 

Til toppen