PÅ VEG NED: Klokka 13 fredag melde fjellførarane at dei var på veg ned til Fjærland, saman med dei to turistane som overnatta på breen.
PÅ VEG NED: Klokka 13 fredag melde fjellførarane at dei var på veg ned til Fjærland, saman med dei to turistane som overnatta på breen. (Foto: Flickr/dconvertini)

Belgiske turistar henta ned frå Jostedalsbreen

To fjellførarar starta på oppturen tidleg fredag morgon, no er dei på veg ned til Fjærland saman med turistane.

Sogndal: Dårleg vêr i fjellet førte til at to belgiske turistar måtte overnatte på Supphellebreen, ei bretunge av Jostedalsbreen, frå torsdag til fredag.

Grunna kapasitet kunne ikkje Hovedredningssentralen i Sør-Noreg (HRS) senda inn fjellførarar for å henta turistane ned før fredag morgon. 

– Klokka 13:00 fekk HRS bekrefta at turistane var kome ned av breen, og at det stod bra til med dei, opplyser vakthavande redningsleiar hjå HRS til Porten.no.

Fjellførarane starta på oppturen tidleg fredag morgon, og no er dei på veg ned til Fjærland saman med dei to turistane. 

Erfarne fjellførarar

Ifølgje NRK, var det to erfarne fjellførarar frå Noregsguiden som fekk oppdraget. Dei budde seg godt og hadde med naudsynt breutstyr som stegjern, isøks og issikringsmidlar.

– Det er dårleg vêr og sikt i området, sa ein av breførarane, Sigurd Felde, til avisa.

Han la vekt på at det er nettopp slike høve som gjer det ekstra viktig å bu seg godt. 

Til toppen