SLIT BENKEN: Henrik Furebotn vart utnevnt til kaptein før sesongen, men har slitt med å få speletid etter at han måtte stå over med skade for tre kampar sidan. Foto: arkiv.
SLIT BENKEN: Henrik Furebotn vart utnevnt til kaptein før sesongen, men har slitt med å få speletid etter at han måtte stå over med skade for tre kampar sidan. Foto: arkiv. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Benka igjen: – Så lenge Sogndal tek tre poeng, så er eg nøgd

Medan Sogndal er i fyr og flammar, er kaptein Henrik Furebotn midlertidig ute i kulda.

Molde-Sogndal: 1-2

– Ein veldig viktig og fortent trepoengar, seier Henrik Furebotn etter bortesigeren mot Molde. Sjølv fekk han berre ti minutt då sigeren skulle kjempast i land.

– Det er ingen som likar å sitte på benken, men når laget gjer det så bra, så forandrar du ikkje på det, seier han.

Les også: Wæhler-effekten slo til igjen – fantastisk siger i Molde
Les også: Sogndal avviser feiltrening etter nok ein skade

For etter å ha vore fast inventar i starten vart Furebotn sittande heime med ein liten skade då Sogndal tok eit viktig bortepoeng mot Haugesund. Så vart det med to korte innhopp i dei fantastiske sigrane mot Viking og no mot Molde. Utan at årdølen deppar av den grunn.

– Så lenge Sogndal tek tre poeng, så er eg fornøgd, seier han.

Etter tapet på heimebane mot svake Lillestrøm i sjette serierunde låg Sogndal sist på tabellen. Medan skadeproblema tårna seg opp var det nok fleire som byrja å tenkje nedrykk, sjølv blant dei ihuga supportarane.

I garderoben har dei aldri tvila, forsikrar kapteinen.

– Viss me ikkje trur på det me driv med så er det ikkje vits å møte til kamp, seier Furebotn og rosar alle nykomarane som har stått fram i andre sitt skadefråvêr.

– Me har blitt litt meir trygge på oss sjølve, tek ned ballen og spelar, slik at me betre får utnytta dei ferdigheitene vi har framme, som Gilbert, Chidi, Schulze og Ramsland. I tillegg har vi blitt meir solide bakover, seier Furebotn. 

Det siste må ein superveteran av ein forsvarsbauta ta mykje av æra for. Kjetil Wæhler er to år eldre enn trenar Eirik Bakke og har osa rutine etter at han kom tilbake frå fotballdvalen.

– Det er klart han har vore viktig. Me har eit ganske ungt lag frå før, med Fredik på 17 og Steiring på 18-19 bak der. No har me fått inn ein som har vore med på dette her før og som kan styre dei andre. I tillegg er han eit eksempel på treningane og i måten har førebur seg til kamp, seier Furebotn.

Med to strake sigrar og tre kampar utan tap har Sogndal fått den perfekte oppladninga til årets høgdepunkt. Laurdag ventar heimekamp mot erkerivalen Brann.

– No har me bra med sjølvtillit og det har Brann òg, så det kan bli ein veldig spanande og bra kamp på laurdag. Det bør bli fullt hus, seier Furebotn.

Til toppen