DYRARE: Oljeanalytikar meiner drivstoffprisane kjem til å stiga nærare ei krone i løpet av 2017. Illustrasjonsfoto
DYRARE: Oljeanalytikar meiner drivstoffprisane kjem til å stiga nærare ei krone i løpet av 2017. Illustrasjonsfoto

Bensin kan bli opptil ei krone dyrare neste år

I 2017 vil bensinprisane  auke med 34 øre og diesel med 55 øre, men auken totalt kan komme til å bli nærare  éi krone, ifølgje oljeanalytikar.

Bilistane får frå 1. januar kjenne dei økonomiske følgjene av statsbudsjett-kompromisset. Generalsekretæren i interesseorganisasjonen Norsk Petroleumsinstitutt, Inger-Lise Nøstvik, seier det blir ein trippelauke i avgiftene med auke i vegbruksavgift, CO2-avgift og meirverdiavgift. På den måten aukar bensinprisen 34 øre med moms, og diesel 55 øre, skriv   E24.

Oljeanalytikar Thina Saltvedt i Nordea Markets seier det er fire variablar som spelar inn for drivstoffprisane. For det første er oljeprisen venta å stige, deretter stig også raffineringsmarginane. Saltvedt forklarar at det skjer når etterspørselen etter olje aukar. For det tredje slår kronekursen inn, og til sist er det lokal priskonkurranse, der pumpeprisane kan variere med fleire kroner i same område.

– På grunn av alle variablane er det vanskeleg å seie akkurat kor mykje dei vil stige, men eg ventar dei vil stige sikkert nærare éi krone, seier Saltvedt til E24.

Til toppen