BEFARING: Tysdag var NVE med fleire høyringsinstansar på befaring i Nundalen. Småkraft har søkt om å få byggje ut kraftverk i Nundalselvi. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
BEFARING: Tysdag var NVE med fleire høyringsinstansar på befaring i Nundalen. Småkraft har søkt om å få byggje ut kraftverk i Nundalselvi. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Ber årdølene gå i seg sjølve og bevare Nundalen urørt

Jørgen Bruheim i  Sogn og Fjordane Turlag ville gje NVE klar beskjed om at Nundalselvi burde forbli urørt.

Årdal: Småkraft ønskjer byggja ut Nundalselvi, og tysdag var NVE i Årdal for befaring av området som vert rørt av planane. 

Samtlege sju instansar som har gjeve høyringsuttale i saka var med på befaringa. Blant anna Bruheim.

– Eg kjem til å gje beskjed om at det er eit flott område. Det er nærmast det einaste vassdraget att i Årdal som renn fritt frå fjell til vatn. Eg meiner dette burde sparast, seier han.

OMSYN: Seksjsonssjef i NVE, Øystein Grundt, seier det er mange omsyn å ta ved slike befaringar.
OMSYN: Seksjsonssjef i NVE, Øystein Grundt, seier det er mange omsyn å ta ved slike befaringar.

Mange omsyn å ta

– Det eine er omsynet om at det skal framskaffast fornybar energi i Noreg med tanke på sertifikatavtalen me har med Sverige og forpliktelsene i henhold til EU sitt fornybardirektiv. Det er det eine elementet. Og så har du meir lokale fordelar, slik som positive ringverknader for grunneigarar og skatteinntekter til kommunen.

– På den andre sida kjem omsynet til natur og friluftsliv og meir tradisjonelle ålmenne interessert som er viktige å ta vare på, forklarar han.

I Årdal er det berre i Nundalen og Fardalen som ikkje er utbygd av vasskraft som ikkje er verna. Nettopp difor meiner motstandarane at desse to burde sparast.

Les også: Fylkesutvalet positive til utbygging i Nundalen

– Det er eit omgrep som heiter samla belastning som går på naturmangfaldet og sumverknader der ein ser på totalbiletet. Det er eit element at det er bygd ut mykje her. Samstundes har ikkje Årdal spesielt mange småkraftverk. Det er hovudsakleg bekkeinntak knytta til dei store tidlegare reguleringane og utbyggingane, kommenterer Grundt.

Grunneigar er positiv

Rune Bolstad er grunneigar, og han er positiv til ei utbygging. 

– Me føler det er ein dal som ikkje blir brukt til turisme, og når me ser på opplegget rundt, er det ingen bilvegar eller inntak i terrenget, og det er tvilsomt at ein turist eller tredjeperson hadde funne det. Det du vil sjå er eit lite hus til kraftstasjonen, og når det vert så fint bygd, ser me ikkje noko negativt ved det, seier han.

Artikkelen held fram under biletet.

STERKT IMOT: Sandra Opheim (MDG) har vore tydeleg på at ho er sterkt imot kraftutbygging i Nundalen og fekk Ap med på å stemma dette ned i komande kommunestyremøte.
STERKT IMOT: Sandra Opheim (MDG) har vore tydeleg på at ho er sterkt imot kraftutbygging i Nundalen og fekk Ap med på å stemma dette ned i komande kommunestyremøte.

Han seier han er einig i at ein burde tenkja seg om, men at totalt sett er han positiv til ei utbygging. 

– Bør gå i seg sjølv

Bruheim på si side meiner dei avbøtande tiltaka ikkje er gode nok og at konsekvensutgreiinga er gjort av personar som ikkje har nok kunnskap. 

– Eg tenkjer verkeleg at her i Årdal er det så mykje som er utbygd at dette burde ein spara til komande generasjonar slik at dei får sjå korleis eit vassdrag frå fjell til fjord ser ut. Her burde årdølene gå i seg sjølv og tenkja på dette. Dette burde kommunestyret tenkja på også.

Les også: Kommunen seier ja til kraftutbygging i Nundalen

Årdal kommune fekk utsett høyringsfrista til 22. oktober etter kommunestyremøtet. Her blir det truleg eit nei etter som Miljøpartiet dei grøne og Arbeidarparti saman kjem til å stemme dette ned, slik avtalen deira seier. 

Til toppen