DÅRLEG OPPFØLGING: Jegerar er ikkje flinke nok til å sjekka om dyr er skotne, meiner jaktoppsynet. Foto: SNO-Aurland - rovviltseksjonen.
DÅRLEG OPPFØLGING: Jegerar er ikkje flinke nok til å sjekka om dyr er skotne, meiner jaktoppsynet. Foto: SNO-Aurland - rovviltseksjonen. (Foto: SNO-Aurland - rovviltseksjonen)

Ber jegerar ta meir ansvar

Statens naturoppsyn (SNO) meiner jegerane ikkje er flinke nok til å sjekka såra storvilt.

Årdal/Lærdal: Lovverket seier klart og tydeleg at jegerar har ettersøksplikt av storvilt, og midt i reinsjakta minner dei no om denne plikta.

Den som under jakt eller forsøk på felling skadeskyt storvilt eller kongeørn er plikta til å gjera det ein kan for å avliva dyret snarast mogleg. 

Jegeren er plikta til å forvissa seg om at dyret er truffe eller ei. Blant anna skal ikkje jegeren eller jaktlaget oppta jakt på nye dyr medan denne søket pågår, noko det skal utover dagen. 

– Dette registrerer jaktoppsynet at det ikkje vert følgt godt nok opp av jegerane. Ved reinsjakt er dette det viktigaste tiltaket jeger kan gjera, samt informera andre jegerar i nærområdet at rein er påskote og kan vera skadd, skriv SNO i ei pressemelding.

– Om jaktoppsynet registrerer at jeger ikkje kontrollerer skotplass, vert det oppretta sak og tilhøvet vert rapportert til politiet. 

Til toppen