FÆRRE FLYKTNINGAR: Sidan det har kome færre flyktningar til Noreg, vert kommunane no anmodna til å ta imot færre flyktningar enn det dei hadde vedtak på. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
FÆRRE FLYKTNINGAR: Sidan det har kome færre flyktningar til Noreg, vert kommunane no anmodna til å ta imot færre flyktningar enn det dei hadde vedtak på. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Ber kommunane ta imot færre flyktningar

Sjekk kor mange flyktningar din kommune vert beden om å ta imot. 

Lærdal: – Situasjonen i november i fjor var prega av store ankomstar av asylsøkjarar og usikkerheit rundt kor mange som ville koma til Noreg vidare framover. Plantala tok høgde for ei utvikling som ikkje har slått til. No tilpassar me vår anmodning til den reelle situasjonen, seier direktør for IMDi, Libe Rieber-Mohn.

Totalt ber IMDi kommunane om å ta imot 13.000 flyktningar i 2017. I Sogn er det fleire kommunar som vert bedne om å ta imot færre flyktningar neste år enn det dei allereie har vedteke, deriblant Årdal, Sogndal og Lærdal.

Nedtak i Lærdal

For sistnemnde sin del kjem dette som sak i kommunestyret komande torsdag. I februar i år vedtok Lærdal å ta imot 23 flyktningar, der 8 skulle vere einslege mindreårige. No skal dei i staden ta imot 10 flyktningar, men av dette kan det vere familiegjenforeiningar, noko som betyr at det i realiteten vert mellom 13-15.

– Eg er glad for at eg ikkje var komen lenger i prosessen med tilsette personale og ordne bustader. Eg hadde laga ein presentasjon, men den er no lagt på is, seier fagleiar for flyktningtenesta i Lærdal og Aurland, Turid Stigen Sørensen.

Ho ber dei folkevalde i Lærdal om å følgja anmodninga frå IMDi. 

– Det finst døme på kommunar som har tilsett personale og kjøpt bustader for å etablere bustad til einslege mindreårige, men som ikkje får flyktningar, og då får ein ikkje tilskot heller, forklarar ho. 

Økonomiske konsekvensar

Det er nemleg slik at det er IMDi som ber kommunar busette ein flyktning. Det er ikkje slik at ein kommune kan be om å få flyktningar. Dersom ein kommune då har brukt mykje pengar på eit hjelpeapparat, men ikkje får tilskot, vil det setje kommunen i økonomiske vanskar. 

Det andre perspektiv er integrering av flyktningar som kjem. Lærdal er ein liten kommune, når dette året er omme, vil kommunen allereie ha 40 flyktningar. Med ti til, er ein oppe i 50.

– Me har møtt mykje velvilje i Lærdal, men det er står forskjell på språkpraksis og ei ordinær stilling. I ein liten kommune vil det ikkje vere berekraftig med ein altfor stor eksplosjon av flyktningar med tanke på arbeidsplassar når flyktningane er ferdig med programmet, seier ho, men legg til at flyktningtenesta uansett vil respektere vedtaket til kommunestyret og vere lojale mot det.

Utfordrande

Det er heller ikkje til å leggje skjul på at det å skaffe bustad til flyktningar er eit problem i Lærdal. 

– Me har som mål å hjelpe flest mogleg etter kva ressursar me har, men då må me få ressursar som samsvarar med tal flyktningar, seier Sørensen.

I dette tilfellet kom heldigvis for flyktningstenesta i Lærdal brevet frå IMDi før ein rakk å ruste opp apparatet, men for andre kommunar kan det vere annleis.

– Det er sikkert ein fortvilande situasjon for dei kommunane som har rusta opp, og så kjem kontrabeskjeden. Samstundes må me ha forståing for svingingane i arbeidet. Det er ei uforutsigbar teneste. 

Sjekk tala for din kommune (einslege mindreårige)

Kommune Anmodning 2017 Vedtak 2017
Leikanger 10 (0) 10
Sogndal 35 (4) 52 (21)
Aurland 6 (0) 6
Lærdal 10 (0) 23 (8)
Årdal 15 (0) 23 (10)
Luster 15 (0) 15

 

Til toppen