RASKARE SAKSBEHANDLING: Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner ønskjer meir fortgang i papirarbeidet i kommunane slik at dei mange asylsøkjarane som får opphald, får ein stad å bu. Foto: Kommunal- og moderniseringsdepartementet/Flickr.
RASKARE SAKSBEHANDLING: Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner ønskjer meir fortgang i papirarbeidet i kommunane slik at dei mange asylsøkjarane som får opphald, får ein stad å bu. Foto: Kommunal- og moderniseringsdepartementet/Flickr.

Ber kommunane ta snarvegar for å skaffe flyktningbustader

Lokalsamfunna må ikkje overkøyrast når det skal byggjast tusenvis av flyktningbustader, åtvarar kommuneorganisasjonen KS.

  • Endret

Årdal/Lærdal: Både byggjenæringa og regjeringa ønskjer fortgang i papirarbeidet i kommunane slik at dei mange asylsøkjarane som vil få opphald i landet, skal få ein stad å bu.

– Dei store tunge aktørane seier det er mogleg å handtere den situasjonen vi no er inne i, men då er vi nøydde til å sørgje for raskare saksbehandling i kommunane, sa kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) etter eit møte med byggjenæringa måndag.

At lokalbefolkninga skal involverast i planlegginga, er ein av grunnane til at det tar for lang tid, meiner Baard Schumann, administrerande direktør i Selvaag Bolig og styreleiar i Boligprodusentene.

Les også: Her kan det kome asylmottak

– Eg trur vi er nøydde til å vere litt tøffare enn det vi har vore no, seier han til NTB.

Men Helge Eide, direktør for interessepolitikk i KS, åtvarar:

– Det er ein dårleg idé å sende ein bodskap om at ein må overkøyre lokalsamfunn, seier han.

– Kommunane ønskjer å vere fleksible for å kunne møte behova, men eit minimum av involvering og planlegging må til for å sikre oppslutning og eit lokalsamfunn som vil stille opp, ifølgje Eide.

Sikkerheit

KS-direktøren seier kommunane også har plikt til å sørgje for at for eksempel branntryggleiken varetakast.

– Dei sentrale krava til helse, miljø og sikkerheit ligg sjølvsagt fast, understrekar Sanner.

Les også: Tommel opp for å ta imot fleire flyktningar

Han meiner samarbeid mellom staten, kommunane og utbyggjarane er viktig for å hindre konfliktar mellom lokalsamfunn og flyktningar, meiner Sanner.

– Men vi må også erkjenne at det er ein kritisk situasjon, legg han til.

Han seier seg derfor einig i at kommunane må kunne gi dispensasjonar.

18.000 neste år

Ifølgje integreringsdirektoratet IMDI trengst det neste år bustader til 18.000 flyktningar og asylsøkjarar som er innvilga opphald.

Audun Lågøyr i Byggenæringens Landsforening (BNL) seier medlemsbedriftene kan skaffe desse bustadene. Men plan- og byggjesaksbehandlinga er ein flaskehals, meiner han.

Les også: Greier ikkje busette fleire flyktningar utan bustader

Sanner påpeiker at regjeringa allereie har sendt på høyring eit forslag om forenklingar av plan- og bygningslova. I tillegg ønskjer Sanner å rettleie kommunane i korleis dei kan gi fritak frå reglane.

Baard Schumann meiner fritak også kan gjere bustadene billigare.

– Ei innsparing på 20– 25 prosent av byggjekostnadene, kan gi 30 prosent fleire bustader, meiner han.

Han nemner garasjeanlegg, heis og fjernvarme som krav som kan setjast til side.

– Ein del reglar er riktige når ein har råd til det, men når ein kjem i ein litt ekstrem situasjon som no, må ein kanskje sjå på det ein gong til, seier han.

Husbank-støtte

På spørsmål om det trengst ytterlegare finansiering, viser Sanner til Husbankens støtteordningar.

– Signala vi har fått er at Husbankens verktøykasse fungerer godt. Det er ikkje der hovudproblemet ligg. Vi må sørgje for at vi legg til rette for rask saksbehandling i kommunane, gjentar han.

Lågøyr i BNL meiner derimot at finansieringa er ein flaskehals, og både han og Schumann foreslår offentleg-privat samarbeid.

Flyktningbustadene kan seinare brukast til andre ting, som studenthyblar og barnehagar, ifølgje byggjenæringa og statsråden. (©NPK)

Til toppen