FYSISK AKTIVITET: Illustrasjon av Hjertet og Aktivitetsbåndet i Ikast. Illustrasjon: Arkitektfirmaet C. F. Møller.
FYSISK AKTIVITET: Illustrasjon av Hjertet og Aktivitetsbåndet i Ikast. Illustrasjon: Arkitektfirmaet C. F. Møller.

Ber kommunane tenkje nytt innan fysisk aktivitet

Kulturdepartementet lanserer ei tilskotsordning for å stimulere kommunane til kreativitet og nytenking når det gjeld fysisk aktivitet.

Indre Sogn: – Me er ganske tradisjonelle her i Noreg. Me byggjer ein hall, ein ballbinge, ein skatepark eller ein klatrepark. Og det er flott. Men me må også tenkje nytt, kva med å samle mange aktivitetar i eitt anlegg, å legge til rette for eit utal aktivitetar på eitt og same område, seier rådgjevar for fysisk aktivitet i fylkeskommunen, Atle Skrede.

Kan til dømes boksing, buldring og bordtennis kombinerast? spør han. 

Fylkeskommunen har som regional utviklingsaktør ei rådgjevande rolle overfor kommunane og legg opp til eit informasjonsmøte med kommunane om denne nye ordninga innan kort tid.

Målet er å tenkje nytt og ikkje late noko anna enn fantasien setja grenser i første del av prosjektet. 

Tilskotsordninga som Kulturdepartementet no opprettar, er finansiert av spelemidlane for å bidra til etablering av nye typar anlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet. Det er i første omgang ein prøveperiode på tre år, der departementet har sett av 100 millionar kroner, som kommunane kan søkje om.

Til toppen