OPPGITT: Leiar i FAU ved Farnes skule, Vigdis Lio, seier apparata på skulen er overmodne for oppgradering og håpar kommunen lyttar. På leikeapparatet bak ho på biletet skjedde det ei ulykke første skuledag i år. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
OPPGITT: Leiar i FAU ved Farnes skule, Vigdis Lio, seier apparata på skulen er overmodne for oppgradering og håpar kommunen lyttar. På leikeapparatet bak ho på biletet skjedde det ei ulykke første skuledag i år. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Ber kommunen prioritere uteområdet på Farnes skule

Berre i haust har det vore to ulykker fordi utstyret er ròte.

Årdal: Det fortel leiar i Foreldrerådets arbeidsutval (FAU) ved Farnes skule Vigdis Lio. Allereie første skuledag i år skjedde det ei ulykke. Det trass i at teknisk etat i kommunen fører tilsyn med apparata før skulestart.

Dette førte etter kvart til at FAU stilte på dugnad for å få gjort ein del ting med området på og rundt skulen dersom kommunen bidrog med materiale.

Det gjorde kommunen, og dei fekk fiksa på nokre ting, men ho er klar i sin tale. Det krevst ei investering i uteområdet på skulen som vil halde i 25-30 år fram i tid.

– På det leikeapparatet det skjedde ei ulykke første skuledag, har me bytta plankane på avsatsane. Det var vekke nokre plankar som kommunen ikkje hadde sett på sin tilsynsrunde, så dette var ei ulykke som kunne vore unngått, seier Lio.

Bukken og havresekken

Ho skildrar situasjonen litt som bukken og havresekken ved at det er kommunen sjølv som godkjenner om apparata er gode nok.

– Og det går berre på om det er fare for liv og helse, ikkje anna. Og det er på grunn av den økonomiske situasjonen i kommunen.

Nokre veker etter den første ulykka skjedde ei ny. Denne gongen var det ein unge som trødde tvers gjennom ein planke. I eit brev som er sendt til politikarar og kommunen i september skriv FAU at dette kan dei ikkje akseptere.

– Me anslår at apparata er 20-25 år gamle, og dei ber preg av stor ròte og slitasje. FAU har teke initiativ til å utbetre ein del på dugnad i haust, men dette gir absolutt ikkje haldbarheit i 20-30 nye år, står det i brevet.

Eingongsinvestering

Lio meiner det er på høg tid at apparata på skuleplassen til Farnes skule blir bytta ut med noko nytt.

– Det er noko ein må vege opp om ein skal riva alt på grunn av tryggleik eller om det held i nokre år til. Me har krevd å få øyremerka midlar til å ruste opp heile greia. 

– Me har snakka om dugnad og er opne for at me kan bidra for å få jobbe gjort, men kommunen må vera villig til å gjere innkjøp fordi leikeapparat uansett storleik er vanvittig store investeringar. Eit tilsvarande som står på den «nye skuleplassen» på nordsida startar på 100 000 kroner. Slik me ser det, kan eit kjøpt av vedlikehaldsfritt utstyr gjere at det held i 25-30 år fram i tid, legg ho til.

Ikkje trygg

Leiaren i FAU seier ho ikkje kjenner seg trygg på at tilsynet kommunen fører er godt nok etter ulykkene i haust. 

– Me er ikkje dumme me foreldra, og ungane synest det... Altså, det er så enkle ting som nett på fotballbana. Slik ting blir ikkje prioritert ein gong, seier Lio oppgitt.

– Dette må dei gjera noko med, og dei må gjera det ordentleg. Dessutan synest me elevane skal få vera med og seia kva dei meiner, slik at det ikkje berre er oss vaksne som bestemmer og trur korleis ting blir brukt.

Prioritet for dei folkevalde

I formannskapet tysdag vedtok dei folkevalde at skuleplassen skulle få prioritet i budsjettet for 2016. Det var Arbeidarpartiet og Miljøpartiet dei grøne som fremja dette.

– Det er viktig for oss folkevalde å få innspel. Dei skal me ta på alvor og arbeida med. FAU sitt innspel er så viktig at me vil ha det med allereie i formannskapet. Med bakgrunn i hendingane der seier me at skuleplassen skal prioriterast. Det må styrkast, og då har me fokus på barn og unge, sa Marie Helene Hollevik Brandsdal då ho la fram forslaget.

Til toppen