– Oppfordringar frå myndigheitene gjer at folk er forsiktige og gjerne held seg heime. Det gjer også at dei ikkje bruker tilbodet me har. Det har resultert i at det ikkje går så bra akkurat no, og me har permittert tre gongar for å kunne overleve, seier dagleg leiar for Malena kafé, Marita Mossestad.

Ber lokalbefolkninga om hjelp: – At folk handlar hos oss litt oftare, er det som skal til for at me overlever
Koronapandemien har gjort drifta vanskeleg for Malena kafé. No legg dei til rette med nye tilbod for at fleire skal ta turen innom dei.