Høyanger: Høyanger bondelag skriv i eit brev til Høyanger kommune at det håpar ordninga med støtte til kjøp av gardsbruk kan vidareførast. Administrasjonen føreslo i forslaget til bustadpolitisk handlingsplan å fjerne tilskotet på 200 000 kroner ved kjøp av bustad og gardsbruk i kommunen.
Politikarane utsette handsaminga av planen i møtet i planutvalet 22. oktober fordi dei meiner forslaget må drøftast nærare. Varaordførar Geir Helge Østerbø (Sp) argumenterte for at verkemiddelet har ført til auka busetnad på sørsida dei seinare åra.
Ifølgje bondelaget er forslaget frå administrasjonen lite gjennomtenkt. Støtta har vore eit tilbod sidan 2017 og i den perioden har sju kjøparar nytta ordninga. Med det har dei forplikta seg til å bu på og drive garden, skriv bondelaget.
Vidare peikar bondelaget på at nye bønder gjev meir skatteinntekter og er positivt for eit aktivt jordbruksmiljø. I tillegg gjev det opne landskap ved at jordbruksareal vert brukt.
– Det er ikkje rett tid å ta vekk tilskotet med fallande folketal i kommunen, skriv bondelaget.