HJELPER TIL: Eit politihelikopter med varmesøkjande kamera er også sett inn i leitinga. Foto: Halvor Farsund Storvik.
HJELPER TIL: Eit politihelikopter med varmesøkjande kamera er også sett inn i leitinga. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Ber om hjelp frå frivillige i søket etter sakna mann (37)​

– Me tar imot alle som kjem, seier politiet.

Haukåsen: Heilt sidan 21.00-tida måndag kveld har politiet og frivillige personar leita etter ein 37 år gamal mann på Haukåsen i Sogndal etter at kom vekk frå turfølgjet sitt.

Mannen var ein del av ei gruppe på seks personar frå ein institusjon som hadde vore på tur då han kom vekk frå følgjet rundt 17.00.

– Slik eg har forstått det var dei på veg tilbake til bilen og han gjekk bakarst, og då dei snudde seg, var han vekke, seier politiførstebetent Svein Inge Harberg til Porten.no.

FRIVILLIGE: Harberg seier dei tek imot alle som vil bidra i leiteaksjonen.
FRIVILLIGE: Harberg seier dei tek imot alle som vil bidra i leiteaksjonen.

Frivillige strøymer til

Til å byrje med leitte dei som var med han, etter han i starten før dei etter kvart melde han sakna til politiet. 

– Me har hatt organisert leiting frå om lag 21.00 måndag kveld med helikopter og frivillig mannskap. Det er framleis ikkje gjort funn. Det er om lag 35 personar som no gjer finsøk, seier Harberg vidare.

Andre frivillige strøymer til staden, og politiførstebetenten seier det er behov for store mannskap på bakken.

– Det er eit stort skogkledd område, så me treng mange frivillige og tar imot alle som kjem. No må me berre få organisert dei i lag med hjelpekorpsmannskap. 

Utfordrande terreng

Området har ein del skogsvegar og stigar, og det er eit ganske bratt og utigljengeleg område frå flyplassen og ned til fjorden med snø i høgda. Dette gjer det utfordrande for leitemannskapet. 

Artikkelen held fram under biletet.

STORT SØK: Store styrkar er sett i sving i leitinga etter ein sakna mann på Haukåsen i Sogndal.
STORT SØK: Store styrkar er sett i sving i leitinga etter ein sakna mann på Haukåsen i Sogndal.

I tillegg har det vore veldig varmt dei siste dagane, noko som betyr at leitemannskapet treng hyppigare pausar.

– Men for den den sakna, som er kledd i shorts, er det bra at det er god varme, men i natt var det kjølig med berre nokre få plussgrader, fortel Harberg, som håpar å finne mannen i god behald. 

Til toppen