UTVIDAR: Når Målrock utvidar, trengs det fleire folk. Roy Andre Bergerud i ÅTIL ber difor dei som ønskjer å bidra om å kontakte han. Foto: Ina Eirin Eliassen.
UTVIDAR: Når Målrock utvidar, trengs det fleire folk. Roy Andre Bergerud i ÅTIL ber difor dei som ønskjer å bidra om å kontakte han. Foto: Ina Eirin Eliassen.

Ber om hjelp frå frivillige til Målrock

– Vil lette på dugnadstrykket, seier leiaren i Årdalstangen IL.

Årdal: Roy Andre Bergerud, leiar i ÅTIL, håpar det er frivillige sjeler i Årdal som vil hjelpe til på idrettslaget sine dugnadslister under Målrock.

– Me har ansvar for alt frå parkeringsvakt til grilling og vakthald om kvelden. Viss folk vil hjelpe til, må dei kontakte meg, seier han.

I fjor vart festivalen, som vert rekna som årets kulturhøgdepunkt i Årdal, utvida, og då trengs dei meir hjelp.

– ÅTIL skal jo greie dette sjølv, men dersom folk vil bidra, så vil det bidra til at våre medlemmar kan gjere endå meir. Det vil absolutt letta på dugnadstrykket, så me set pris på alle som vil. Desse kan kontakte meg på e-post leiar@aatil.no eller telefon 971 62 025, fortel han.

Til toppen