TRENG HJELP: Flyktningkonsulentar i Lærdal, Dag Terje Kavlie og Maren-Sofie Mathisen, ber folk om hjelp til å skaffe tak over hovudet til flyktningar. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TRENG HJELP: Flyktningkonsulentar i Lærdal, Dag Terje Kavlie og Maren-Sofie Mathisen, ber folk om hjelp til å skaffe tak over hovudet til flyktningar. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Ber om hjelp til å busetja flyktningar​

Lærdal kommune har sagt ja til å busetja 20 flyktningar i år, men bustadmangel byr på store utfordringar.

Lærdal: – Slik situasjonen er no der me ikkje har bustadar, så nei, då klarar me ikkje å busetja dei, flyktningkonsulent i Lærdal Maren-Sofie Mathisen.

Saman med avtroppande flyktningskonsulent i Lærdal, Dag Terje Kavlie, ber dei no om hjelp til å skaffe tak over hovudet til menneska som kommunen har sagt ja til å ta imot. 

Familie på sju

Mest prekær er situasjonen rundt ein familie på sju frå Syria med fem ungar mellom 6 og 16 år. Desse skal koma til hausten. Då trengs det meir enn ei leiligheit.

– Me har behov for bustadar, helst av litt større storleik. Me har mange små bustader med ein til to soverom, men då får me ikkje busett så mange, så me treng større bustader, seier Kavlie. 

– I og med at me skal busetja ein familie på sju til hausten, har me iallfall behov for det, legg Mathisen til.

Helst i sentrum

Lærdal kommune har sagt at dei kan ta imot 20 flyktningar i 2016 og 23 neste år, men det er ei kjend sak at det knapt er ledige bustader i bygda.

– Me har ein avtale på plass at me skal ta imot desse, og når det gjeld oppfølgjingsbehov, ser me at det er naudsynt å ha dei i sentrum, men der har me ingenting, seier Kavlie.

Vanskeleg jobb

I dag leiger kommunen elleve bustader på privatmarknaden. Ein rask runde på Finn.no syner at det nesten ikkje er noko til sals eller utleige i Lærdal. No håpar dei på hjelp gjennom nye kanalar. 

– Det har gått litt via bekjentskapar, og så har me eit godt samarbeid med ein utbyggjar, men desse leiligheitene er små, og me treng større bustader, fortel Mathisen og legg til at slik situasjonen er no, vil dei ikkje klare å nå målet.

– Me kan ikkje busetja dei rett utanfor rådhuset. Flyktningane må ha tak over hovudet, og det finst ikkje. Då blir det veldig vanskeleg. Eg veit det har vore snakk om å bruke heile kommunen. Eg er samd i det, men det gjer det vanskeleg å inkludere og integrere når dei er langt vekke. Då må dei ta buss, og så er det ikkje alltid det går buss, så det blir ei stor utfordring viss me skal klare det.

Mindre trykk

Det er venta at trykket på busetjing vil gå noko ned. Talet på asylsøkjarar har gått drastisk ned etter krisa i fjor haust. Mellom anna har UDI avlyst anbod på fleire mottak. Det vart mellom anna ikkje behov for mottak på Borgund.

Likevel trur flyktningskonsulentane det er realistisk at akkurat i år vil dei måtte kunne ta imot alle 20. 

– Det kan jo endre seg til neste år viss det går så mykje ned som det ser ut no, seier Kavlie. 

Arbeidspraksis

Bustad er ein ting, men med så mange nye innbyggjarar i Lærdal på ein gong, vil det også gi andre utfordringar. 

– Dette har vore diskutert før, og ein må forstå kvardagen ein møter når ein jobbar med flyktningar i Lærdal kommune. Dette handlar også om arbeidspraksisplassar til 30 personar. Me har brukt mange bedrifter, men det kan også gi utfordringar. Flyktningane vil ha jobb, og dersom ein buset veldig mange, betyr det er mange flyttar vekk. Er det få, blir dei gjerne og blir integrert, avsluttar Kavlie. 

Til toppen