TRENG HJELP: Aurland og Lærdal måtte seia nei til familie på sju. No ber dei innbyggjarane hjelp. Foto: Aurland kommune. 
TRENG HJELP: Aurland og Lærdal måtte seia nei til familie på sju. No ber dei innbyggjarane hjelp. Foto: Aurland kommune. 

Ber om hjelp til å busetja syrisk familie

Aurland og Lærdal måtte seia nei til familie på sju. No ber dei innbyggjarane hjelp. 

Aurland/Lærdal: I sommar fekk både flyktningtenesta i Aurland og i Lærdal spørsmål frå Integrerings og mangfalddirektoratet (IMDI) om å busetje ein familie på sju. Begge kommunane takka nei til å busetje familien. 

I september kom det same spørsmålet på nytt då IMDI framleis ikkje hadde funne ein busetjingskommune dei til. No ber flyktningtenesta innbyggjarane om hjelp. 

– Me håpar at lokalbefolkninga vil vera med på ein dugnad for å busetje denne familien. Har du eit sommarhus som står tomt nesten året rundt, eller lurer på kva du skal gjera med huset etter slektningar som ikkje er her lenger, håpar me at du vil vurdere å hjelpe oss med busetjinga av denne familien, skriv flyktningtenesta på Aurland kommune sine heimesider

– Grunna helsesituasjonen til mannen er det ynskjeleg at inngang er på bakkenivå og at minst eit somverom (hovudsoverom) er på bakkenivå. Det er ønskeleg at bustaden har minst tre soverom. Kommunen stiller med garanti på husleiga.

Familien det er snakk om er syrisk og er for tida lokalisert i utlandet, men det hastar med å få dei til Noreg på grunn av innreiseløyve til Noreg.

– Viss dei ikkje får ein bustadkommune no, veit me ikkje om dei får løyve til å koma til Noreg seinare. Det hastar difor med å finne ein bustad for dei viss me skal kunne ta mot dei i Aurland/Lærdal og for at Norge skal kunne ta i mot dei.

Til toppen