FYLKESKULTURPRIS: I fjor vart prisen delt ut til Kari Støfringsdal for hennar arbeid med å ta vare på og føre viare lokale mattradisjonar. Foto: Marit Brennset/Sogn og Fjordane fylkeskommune. 
FYLKESKULTURPRIS: I fjor vart prisen delt ut til Kari Støfringsdal for hennar arbeid med å ta vare på og føre viare lokale mattradisjonar. Foto: Marit Brennset/Sogn og Fjordane fylkeskommune. 

Ber om kandidatar til fylkeskulturprisen

Sogn og Fjordane fylkeskommune etterlyser tips til personar som fortener ekstra merksemd for kulturinnsatsen sin.

Årdal/Lærdal: Difor ber dei no deg om å sende inn forslag til personar som fortener ein slik pris. 

Fylkeskulturprisen går til einskildpersonar, lag og organisasjonar i fylket, og kandidaten må ha vist vedvarande evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover den vanlege, ha talent eller vise kreativitet og evne til nyskaping.

Heilt sidan 1980 har hovudutvalet for kultur delt ut denne prisen. Målet er å hjelpa kulturarbeidet i Sogn og Fjordane og inspirerer til å halde ved like og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet.

Prisen er på 50.000 kroner og eit diplom. I samband med fylkestinget i desember vert prisen delt ut. I fjor gjekk prisen til Kari Støfringsdal for arbeidet hennar med å ta vare på og føre vidare lokale mattradisjonar. 

Fristen for å nominere din kandidat er 1. november 2015. 

Til toppen