NYNORSK: Nynorsk kultursentrum har sendt brev til fylkestinga i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane, og bed dei velja nynorsk i den nye vestlandsregionen.​ Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.
NYNORSK: Nynorsk kultursentrum har sendt brev til fylkestinga i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane, og bed dei velja nynorsk i den nye vestlandsregionen.​ Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Ber om nynorsk i vestlandsregionen

Nynorsk kultursentrum har sendt brev til fylkestinga i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane, og bed dei velja nynorsk i den nye vestlandsregionen.

  • Endret

Sogn og Fjordane: Brevet er vedteke av rådet i Nynorsk kultursentrum og bed fylkestinga laga eit regelverk for språk i den nye regionen.

Reglane bør ifølgje rådet slå fast at staten skal bruka nynorsk i kommunikasjonen med regionen, og at regionen sjølv skal ha nynorsk som administrasjonsspråk. Framlegget om slike språkreglar inkluderer borgarane sin rett til å få svar på eiga målform, noko som rådet meiner er med på å tryggja rettane til bokmålsbrukarane.

Nynorsk kultursentrum ønskjer òg at reglane skal seie noko om arbeidet for klart språk i forvaltninga, og at det gjer tekstane meir tilgjengelege for folk, noko rådet meiner går godt saman med meir bruk av nynorsk.

I brevet viser Nynorsk kultursentrum til ei samling språkfakta som viser kor viktig nynorsk er på Vestlandet, og at Vestlandet er den viktigaste nynorskregionen i landet.

Mellom anna er 67 av 85 kommunar i regionen nynorskkommunar, 12 nøytrale og berre 3 bokmålskommunar. Aviser, utdanning og kyrkjer er andre område rådet meiner nynorsk dominerer. (©NPK)

Til toppen