BER OM HJELP: Politiet ber frivillige om å bidra i leiteaksjonen tysdag. Dei som ønskjer, kan møta ved Folkehjelpen klokka 17.00. Foto: Politiet.
BER OM HJELP: Politiet ber frivillige om å bidra i leiteaksjonen tysdag. Dei som ønskjer, kan møta ved Folkehjelpen klokka 17.00. Foto: Politiet.

Ber om publikums hjelp i leiteaksjonen

Måndag 2. pinsedag var det framleis ikkje spor etter den sakna 24 år gamle mannen i Øvre Årdal.

No ber politiet publikum om ytterlegare hjelp.

– Me skal ha leiteaksjon i morgon og ber frivillige møte ved folkehjelpen klokka 17.00, seier politibetjent Nancy Hestethun.

Måndag søkte politiet i elva Utla og med båt på Årdalsvatnet, men tre dagar etter den 24 år gamle asylsøkaren frå Eritrea vart meldt sakna er det framleis ikkje spor etter han. 

Sidan fredag har Sivilforsvaret, politiet, Røde Kors, Norske redningshunder og Norsk Folkehjelp vore i aksjon. I tillegg har det blitt nytta drone og laurdag også eit helikopet i leitinga, men søka i Utladalen har til no vore resultatlause.

Først bad politiet bebuarar i Utladalen om å søka gjennom eigedommane sine. Søndag utvida dei denne oppmodinga til alle i Øvre Årdal, og no ber dei altså alle som vil hjelpe til i leitinga om å møte på Folkehjelpen 17.00 tysdag.

Til toppen