BEREDSKAPSØVING: Det vil vere væpna politi, brannmannskap og ambulanse med blålys på campus og i nærleiken av campus. Dette bilete er frå ei tidlegare beredskapsøving.
BEREDSKAPSØVING: Det vil vere væpna politi, brannmannskap og ambulanse med blålys på campus og i nærleiken av campus. Dette bilete er frå ei tidlegare beredskapsøving. (Illustrasjonsfoto: Arkiv)

Beredskapsøving med væpna politi på Campus i Sogndal

Torsdag 14. mars 2019 skal det gjennomførast ei beredskapsøving på Campus Sogndal. Det kjem fram i ei pressemelding.

Sogndal: Øvinga er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Politiet, Sogndal kommune, Høgskulen på Vestlandet, Sogndal fotball og Fylkesmannen i Vestland. Dei tilsette er informert.

Det vil vera væpna politi, brannmannskap og ambulanse med blålys på campus og i nærleiken av campus.

Basert på det nasjonale risikobiletet

Foreldre og føresette bør informera born og unge om at dette berre er ei øving.

Øvinga sitt scenario vil reflektere det nasjonale risikobiletet, basert på Politiets Sikkerhetsteneste sin trusselvurdering. 

– Det er mange involverte i øvelsen, og ein meir kompleks øvelse enn me har hatt tidlegare, seier Roger Gundersen ved Vest politidistrikt. 

Han vil ikkje kommentere noko meir om detaljar rundt sjølve beredskapsøvinga, men fortel at meir informasjon vil koma når øvinga nærmar seg.

Til toppen