VARIERT BUMILJØ: Bjarte Haugen og Trude Risnes i Venstre vil at Nye Sogndal skal ha gode, varierte bumiljø og bustader, både til eige og utleige. Foto: privat.
VARIERT BUMILJØ: Bjarte Haugen og Trude Risnes i Venstre vil at Nye Sogndal skal ha gode, varierte bumiljø og bustader, både til eige og utleige. Foto: privat.

Berekraft – meir enn høge hus

– Venstre Sogndal vil ha ein attraktiv kommune å bu og drive næring i, skriv Trude Risnes, ordførarkandidat i Sogndal Venstre, og Bjarte Haugen, 2. kandidat, i dette debattinnlegget.

Meining: Då treng vi ei berekraftig bustadutvikling. Sogndal Venstre vil ha ein tydeleg arealpolitikk, heilskapleg planlegging og ope samarbeid med private utbyggarar.

Nye Sogndal må ha gode, varierte bumiljø og bustader, både til eige og utleige. Vi treng mindre einebustader, småhus, leilegheiter og minihus.

Det må vere lett å busette seg her!

Vil ha tilgjengeleg tomteareal

Venstre vil ha tilgjengeleg tomteareal i alle deler av kommunen og halde fram den igangsette bustadreguleringa i Balestrand og Leikanger. I Balestrand og Fjærland må vi unngå at ein sterk ferie- og fritidsmarknad «fortrengjer» tilbodet til heilårsbuande. I Sogndal må vi hindre hyblifisering.

Nye Sogndal må både stimulere og styre bustadpolitikken.

For Venstre er det viktig at arealpolitikken tek omsyn til matjord, biologisk mangfald og klima. Vi vil ha utbygging som heng saman med barnehagar, skular og andre tenestetilbod. Det gjev trygge, sosiale bumiljø og gjer det enklare å sykle, gå og ta buss til våre ulike kvardagsgjeremål.

Vil at fleire kan gå får leige til eige

Venstre vil utnytte areala godt og tenkje nytt rundt bygningar og område som allereie er utbygde. Samstundes må fortetting og endring i arealbruk ivareta og bruke eksisterande bu- og bygningsmiljø.

Høgblokker og små leilegheiter er ikkje den einaste løysinga. Rimelege, funksjonelle minihus, utnytting av tufter i klyngjetun og tidlegare driftsbygningar gjev også mulegheiter.

Venstre vil stimulere til bruk av tre, som byggemateriale og grøn ressurs. Vi vil at Nye Sogndal skal tenke nytt, ta omsyn til byggeskikk og prioritere bukvalitet.

Sist, men ikkje minst vil Venstre at fleire kan gå frå leige til eige, og at kommunen aktivt legg til rette for at fleire kan bu lengst mogeleg i eigen bustad, i lokalmiljø dei kjenner. Men kommunen utviklar ikkje bustadtilbodet åleine.

Nye Sogndal skal vere ein føreseieleg samarbeidspartnar for grunneigarar og private utbyggarar. Ein kommune til å stole på. Det er saman vi byggjer den nye kommunen!

Til toppen