Lærdal: – Det gjekk greitt til me kom bort til sauene. Då starta det, seier Øystein Uglum Henjum.
Han, Sigurd Felde og Sander Buene i Jostedalen alpine redningsgruppe avdeling Sogndal ville gjera eit forsøk på å få ned sauene som stod fast på eit hylleparti ved eit juv drygt 400 meter over havet på Ljøsne i Lærdal. Sauene vart prøvd berga i helga, men det lukkast ikkje grunna dårleg vêr.
Les også: Der oppe står sauene fast
Les også:Greidde ikkje å hente ned sauene
Tysdag morgon troppa karane opp på garden til Gro Agnethe Nybø og la i veg opp langs Bøafossen. Via eit smalt hylleparti kom dei seg greitt bort til sauene på ein times tid og fekk festa eit lam som stod åleine på ei hylle i band.
Artikkelen held fram under biletet

Så starta dramatikken.
To lam ramla utfor
– Eitt lam stod på ei torv, men så sklei torva og lammet utfor, fortel Uglum Henjum.
Også eitt av dei andre lamma sklei utfor.
– Det hadde me nesten fått tak i. Men så fôr det utfor, gjekk i salto og landa på beina på hylla under, seier Buene, som tok initiativ til aksjonen.
Dei gjorde eit forsøk på å klatra ned til lammet, men det gjekk ikkje. I tillegg fall ei søye utom allereie laurdag. Då var det ei søye og to lam att.
Sikra både seg sjølve og sauene
– Me sikra sauene og oss sjølve bortover hylla. Det er spesielt i dei fasane både me og sauene er i sikring det kan vera kritisk - oss sjølve har me kontroll på, men sauene kan plutseleg ramla. Så er det noko annleis å redda sauer enn folk - folk kan ein fortelja kvar skal gå. Her jobba me både mot tyngdekrafta og sauevilje, seier Felde.
Men det gjekk - og før mørket seig på var karane, søya og dei to lamma trygt nede på flat mark på garden hjå Nybø.
Artikkelen held fram under biletet

– Korleis følest det å ha berga desse dødsdømte sauene?
– Fantastisk. Det er noko med når ein har lagt ned så mykje arbeid - at ein i alle fall kjem ned att med nokre i live, seier Uglum Henjum.
Bonde Gro Agnethe Nybø var sjølvsagt glad og vil no få nokon til å skyta det siste lammet som står att på hyllepartiet nedanfrå.