HOVUDSETE: Bergen blir hovudsetet for Vest politidistrikt, opplyser politiet om i ei pressemelding onsdag. Foto: Flickr/Politiet i Vestfold.
HOVUDSETE: Bergen blir hovudsetet for Vest politidistrikt, opplyser politiet om i ei pressemelding onsdag. Foto: Flickr/Politiet i Vestfold.

Bergen blir politihovudsete for Vest

Onsdag blei det klart at Bergen skal vere hovudsete for politidistrikt Vest. 

Årdal/Lærdal: Det skriv politiet i ei pressemelding. Dette er endeleg konklusjon etter seks veker med høyring og deretter behandling.

Ifølgje politiet vil valet av hovudsete ha liten eller ingen betydning for folk flest. Funksjonane som skal liggja i hovudsetet vil krevja liten fysisk nærleik til brukarane av politiets tenester.

I tillegg skal det meste av tenesteproduksjon og publikumskontakt skje på dagens politistasjonar og lensmannskontor. 

Politidirektør Odd Reidar Humlegård strekar under at det heller ikkje betyr at alle fagmiljø skal samlast ein stad i distriktet.

– Kva fagmiljø som skal liggja kor, vil bli klart gjennom lokale prosessar leia av den nye politimeisteren. Det er eit mål å ta heile politidistriktet i bruk, seier han i pressemeldinga.

Til toppen