Sogndal: I dag, fredag, signerer Bergen kommune og Sogndal kommune ein avtale som gjer at autistiske Abenezer Amebachew Adhenome (5) og familien hans får bli i Sogndal inntil vidare.
Det opplyser Tommy Aarethun, politisk rådgjevar i Bergen kommune, i ei tekstmelding til Porten.no i dag.
Sogn Avis var først ute med nyheita, som NRK òg omtalar i dag.
– No er eg ikkje lenger redd for framtida til sonen min, seier Amebachew Geburu Adhenome, far til Abenezer til NRK.
Les òg: Held vake i vinternatta for Abenezer og familien
Politikarar krev regelendring
Den alvorlege diagnosen til Abenezer gjer at han er avhengig av eit trygt og godt støtteapparat rundt seg, noko han har fått i Sogndal. Han er født og oppvaksen i bygda, der han òg går i barnehage.
Etter at asylmottaket i Sogndal vart lagt ned, bestemte UDI at Abenezer måtte flytta til Bergen, trass i at fagpersonar i lokalsamfunnet åtvara mot det.
Familien har fått endeleg avslag på søknaden opphaldsløyve. Etter oppfordring frå Sivilombodsmannen har UNE lova å sjå på saka på nytt. I 2016 kravde eit samla politisk miljø i Sogndal at guten skal få opphald på humanitært grunnlag, ei opning i regelverket som i dag berre er ope for vaksne.
I mars i år vart det halde vake i Sogndal, i protest mot flyttevedtaket.
Signerer avtalen i dag
Familien skulle eigentleg flytta til asylmottaket i Arna i slutten av månaden, men dei siste dagane har byrådet i Bergen og Sogndal kommune jobba for å finna ei alternativ løysing.
Avtalen som blir signert fredag betyr at Bergen kommune betalar kostnadane Sogndal kommune får med å gje Abenezer oppfølginga han treng frå 31. juli, då han eigentleg skulle flytta til Bergen.
Avtalen blir seinast avslutta når familien har fått endeleg vedtak på søknaden om opphald i Norge.