Bergen tok storeslem i motbakkane

Berre tre sekund bak fjorårets løyperekord, var Stian Hovind-Angermund nok ein gong raskast opp motbakkeløpet Storehaugen Opp i Lærdal.

I strålande vêr og med god stemning var Storehaugen Opp arrangert for sjuande gong i Lærdal. Langvegsfarande kom med heile familiar og ein kunne til og med sjå campingbilar på den fulle parkeringsplassen ved Lærdalsøyri skule. 

Løypa på 3,7 km med kring 1000 meter i stigning, er bratt og krevjande frå sentrum og opp til Storehaugen. Heile 114 deltakarar konkurrerte på tid og kring 275 deltakarar deltok i trimklassa. 

Artikkelen held fram under biletet

OPPVARMING: Konkurranseklassa starta klokka 13 og her er deltakarane i gang med å oppvarminga.
OPPVARMING: Konkurranseklassa starta klokka 13 og her er deltakarane i gang med å oppvarminga.

Suverene i motbakkane

Med startnummer 1, som den første som melde seg på årets Storehaugen Opp, gjekk Stian Hovind-Angermund, frå klubben Varegg i Bergen, i mål med tida 31.21 minutt. 

Det var heile fem minutt før nummer to, som var Sindre Hoff frå Viksdalen IL. Nummer tre vart Tommy Haga frå Sogndal IL med tida 36.28 minutt. 

Raskaste kvinne vart Therese Sjursen, frå Bergen Løpeklubb med tida 39.59 minutt. Tre minutt seinare kom Maren Wangensteen, Høre/Raufoss IL, inn som nummer to. Tredje raskaste kvinne var Elise Orten, IL Fri, med tida 43.14 minutt. 

Artikkelen held fram under biletet

RASKASTE MANN OG KVINNE: Stian Hovind-Angermund, frå klubben Varegg i Bergen, og Therese Sjursen, frå Bergen Løpeklubb, etter premieutdelinga.
RASKASTE MANN OG KVINNE: Stian Hovind-Angermund, frå klubben Varegg i Bergen, og Therese Sjursen, frå Bergen Løpeklubb, etter premieutdelinga.

Lang omveg – men verd det

Vinnaren Hovind-Angermund var sjølv overraska over tida han brukte til mål, då han var spent om formen var god nok. I fjor sette løyperekord med tida 31.18 minutt, berre tre sekund raskare enn årets tid. Likevel tykkjer han på ingen måte det er surt å ikkje slå fjorårets tid. Ekstra nøgd er han også med at kjærasten og den eldste fetteren hans begge kom på fjerdeplass i sine klassar. 

– Eg er veldig nøgd, formen var betre enn eg trudde. Løypa er knallfin. Eg er imponert over snømåkinga mot toppen og talet med dugnadstimar dei har lagt ned før løpet. Mot toppen var det som om me sprang i ein gang av snø på kring ein meter, fortel han.

Artikkelen held fram under biletet

FØRST TIL TOPPS: Stian Hovind-Angermund frå Varegg var raskast opp Storehaugen Opp. Han deltok for fjerde året på rad og var ein tur nestan til topps for å legge att kle alt før løpet starta. Han var ikkje redd for å slite seg ut, men sett pris på ein lang og god oppvarming for å sjekke ut løypa og for å heie på mosjonistane.

Ein solid gjeng på over 20 personar frå klubben Varegg og vennegjengane Melkesyre og Fjellgeita hadde ein lang reiseveg frå Bergen til Lærdal onsdag kveld. Då det gjekk ras i Vaksdalen, tok det meir enn 3 timar før dei kom seg til Voss. Dei passerte også motbakkeløp i både Bergen og Voss, men valde likevel å koma til Lærdal. 

– Storehaugen Opp er eit spennade bratt løp og av dei finaste løypa eg spring. Det er knallfint i Lærdal, me trivst her og arrangørgjengen smiler frå øyre til øyre. Det var vel verd turen å koma hit, fortel Hovind-Angermund som spring ein plass mellom 15 til 20 motbakkeløp i året. 

RASKAST: Therese Sjursen, driv aktivt med motbakkeløp. Her er ho i fint driv i starten av løypa.
RASKAST: Therese Sjursen, driv aktivt med motbakkeløp. Her er ho i fint driv i starten av løypa.

Då nokre vener av han har hytte i området nyttar dei anledinga til å vera nokre dagar. Hovind-Angermund gler seg alt til neste år og har på ingen måte sprunge sitt siste Storehaugen Opp. 

Jaktar bratte bakkar

For den raskaste kvinna Therese Sjursen, frå Bergen Løpeklubb, var løypa perfekt. 

– Det var eit knallfint løp. Det er godt å få eit så hardt løp tidleg i sesongen, då det er bratte løp eg satser på. Me var skitheldige med vêret, stigen var fin og dei har gjort ein kjempejobb med å rydde løypa heilt til toppen.

– Hadde du ambisjonar om å vinne?

– Målet med løpet var å få ei god oppleving, ta ut det beste i meg og sjå korleis det ligg an og om eg må gjere justeringar før sesongen startar for alvor, seier ho.

Men Sjursen er ikkje ferdig med fjella i Lærdal. Ho tek sikte på å koma seg på fjelltur også i morgon.

Artikkelen held fram under biletet

FOR STORE OG SMÅ: Folk i alle aldrar og ein gjeng på nesten 400 personar tok seg opp til Storehaugen, 980 moh, torsdag.
FOR STORE OG SMÅ: Folk i alle aldrar og ein gjeng på nesten 400 personar tok seg opp til Storehaugen, 980 moh, torsdag.

Likar å trene i motbakkar

Porten.no snakka med Ola Seim (16), Årdalstangen IL og Runar Sekse (16), Hafslo IL, like før det var klart for start i konkurranseklassen. Dei har vore med i to og eitt år tidlegare. Dei trenar begge mykje på løp i motbakkar og går langrenn i lag om vinteren. For dei handlar det om å trena mest mogleg. 

Seim har ambisjonar om å kome seg til topps på under 45 minutt og håpar på å bli nummer 1 eller 2 i sin klasse. Sekse har mål om slå kameraten, enkelt og greitt. 

Artikkelen held fram under biletet

TRENINGSKAMERATAR: Ola Seim, Årdalstangen IL og Runar Sekse, Hafslo IL, er i gang med oppvarminga før dei skal kring 1000 meter opp i høgda til Storehaugen.
TRENINGSKAMERATAR: Ola Seim, Årdalstangen IL og Runar Sekse, Hafslo IL, er i gang med oppvarminga før dei skal kring 1000 meter opp i høgda til Storehaugen.

– Kjem att år etter år

Både toppane og breidda var på plass i Lærdal torsdag. 

– Dette er folk som kjem att år etter år. Det tyder vel på at dei er nøgd. Eg eg nøgd med oppmøtet og vêret er topp, seier Bjørghild Holien, leiar i Friidrettsgruppa i Lærdal IL og i arrangørkomiteen for Storehaugen Opp. 

Ho fortel det har vore mykje jobb for å få løypa klar. Fire persjonar har lagt ned mellom 50 og 60 dugnadstimar med snømåking, då ein sein vår gjorde at dei siste hundre meterane før mål måtte bli måka for snø for å bli klar før løpet. 

Artikkelen held fram under biletet

MED MOTBAKKAR TIL FELLES: Bjørghild Holien, leiar i Friidrettsgruppa i Lærdal IL og arrangør av Storehaugen Opp i lag med Christian Prestegård, som også er kalla motbakkeløpas far. Han er initiativtakaren til «Skåla 1848 m rett opp», som vart starta i 2002 og har drege i gang Fanaråken Opp (2003) og Molden Opp (2010).

Christian Prestegård, motbakkegeneralen som var med å sette i gang motbakkebevegelsa i 2002, var også på plass på fjerde året i trimklassa. Han seier dette er av dei flottaste løypetraseane i Indre Sogn. Han er på motbakkearrangement kvar helg, både internasjonalt og nasjonalt.

FRIVILLIG INNSATS VIKTIG: – Her er det lagt ned ein imponerande innsats for å få løypa klar. Løypa var flott og tok ikkje motet frå oss, seier Arve Heimdal, nestleiar i Sogn og Fjordane Idrettskrins.
FRIVILLIG INNSATS VIKTIG: – Her er det lagt ned ein imponerande innsats for å få løypa klar. Løypa var flott og tok ikkje motet frå oss, seier Arve Heimdal, nestleiar i Sogn og Fjordane Idrettskrins.

– Dette handlar om utsyn, vidsyn, klarsyn, entusiasme og gode naturopplevingar. Min jobb er å stimulere til glede på toppane i Noreg. For å sjå det flotte fjord- og fjellandskapet må ein koma seg opp til topps, seier han. 

Imponerande arbeid av idrettslaget

Arve Heimdal, nestleiar i Sogn og Fjordane Idrettskrins, var der for sin eigen del og hadde teke turen frå Jølster. 

– Bygda kan vera stolt av dette arrangementet, korleis det har vore presentert, marknadsført, organiseringa i idrettslaget og dugnadsarbeidet. Det er imponerande den frivillige innsatsen små klubbar som dette gjer, seier Heimdal. 

Han legg til at talet på dei som konkurrerar er større enn vanleg. Storhaugen Opp har appell til dei som vil springe på tid, samstundes som mosjonistane er like velkomne. Heimdal ser ikkje vekk ifrå at han også kjem att. 

Etter løpet venta det t-skjorte til alle og premiering etter klasse. 

Resultata for dei ulike klassane finn du her

Sjekk også ut nettsida til Storehaugen Opp

LUFTIG: Aleksander Offerdal (f.v) og Kari Breistøl nyt utsikten frå toppen.  
LUFTIG: Aleksander Offerdal (f.v) og Kari Breistøl nyt utsikten frå toppen.  
Til toppen