STOPP: Arbeidet i Bermålstunnelen blir stoppa i løpet av dei kommande helligdagane. Foto: Statens vegvesen. 
STOPP: Arbeidet i Bermålstunnelen blir stoppa i løpet av dei kommande helligdagane. Foto: Statens vegvesen. 

Bermålstunnelen er open frå torsdag

Frå torsdag morgon til måndag kveld vert det fri ferdsel og stopp i tunnelarbeidet i Bermålstunnelen. 

Årdal: I Bermålstunnelen på fylkesveg 53 vert det jobba natt til torsdag fram til klokka 06:00, men deretter blir det stogg i arbeidet til over helga.

Arbeidet startar oppatt måndag 9. mai klokka 20:00, og går som vanleg på kveld og natt fram til fredag morgon klokka 06:00, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding. 

Fri ferdsel

I pinsehelga blir det fri ferdsel i Bermålstunnelen frå morgonen fredag 13. mai, og vidare gjennom pinsehelga og nasjonaldagen 17.mai. Frå 18. mai klokka 20:00 blir det igjen arbeid i tunnelen.

Det blir fri ferdsel i Bermålstunnelen i fire veker i samband med sommarferie på anlegget. Dette er veke 28, 29, 30 og 31.

Til toppen