FÅ FØDSLAR: Det forventa fødselstalet i første halvår av 2017 ligg på berre 16 i Årdal. Det er veldig lågt, men leiande helsesøster Anne Berit Lerum vil ikkje omtale tala som dramatisk heilt enno. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
FÅ FØDSLAR: Det forventa fødselstalet i første halvår av 2017 ligg på berre 16 i Årdal. Det er veldig lågt, men leiande helsesøster Anne Berit Lerum vil ikkje omtale tala som dramatisk heilt enno. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Berre 16 registrerte fødslar første halvår av 2017

Men leiande helsesøster i Årdal kommune vil ikkje omtale tala som dramatisk heilt enno. 

Årdal: – Det er ikkje heilt sikre. Av og til kjem det slengarar som ikkje har vore tidleg til lege og jordmor. Fleirgongsfødande kjem gjerne litt seinare enn andre. Folk flyttar til bygda, men samstundes flyttar folk vekk også, forklarar Anne Berit Lerum.

Likevel er det grunn til å rynke litt i panna når ein ser på tala for første halvår i 2017. Totalt er det registrert 16 fødslar i Årdal, fordelt med tre på Årdalstangen og 13 i Øvre Årdal, og det er under to månadar att av året å gjera det på når ein snakkar om første månadane av neste år.

Negativ folketalsutvikling

Det betyr at innbyggjarane i den «rette alderen» verkeleg må stå på dersom fødselstala skal oppretthaldast i 2017. 

– Det fraus nedover ryggen på meg då eg høyrde desse tala, sa Svein Arve Grindhaug, som er kommunalsjef. Tysdag la han fram utkastet til budsjettåret 2017 for finansutvalet.

– Folketalsutviklinga har vore negativ dei siste 20 åra. Når folk flyttar, er det ofte dei yngste som er i reproduktiv alder. Då får ein etter kvart trøbbel med barnehagar og grunnskulen. Det kjem me til å slite med i åra framover, kommenterte rådmann Olve Fossedal.

Usikre tal

Men Lerum vil ikkje vere like dramatisk i sine spådommar sidan tala er usikre. Ho legg også vekt på at det i 2016 ligg an til 29 fødslar på Årdalstangen og 26 i Øvre Årdal, men sidan nokre av desse er asylantar eller har flytta, er tala justert til 23 for begge stader. Slik sett var det eit positivt år for førstnemnde og eit heller svakt år for sistnemnde. 

– Sidan tala er så usikre er det vanskeleg å vere bastant, men for 10 år sidan var normaltala på om lag 40 i Øvre og 20 på Årdalstangen. Slik var det i mange år, og så er det ikkje lenge sidan me hadde 35 på begge plassar, seier ho.

Folketalet går uansett i feil retning når ein ser på det store biletet sjølv om dette svingar frå år til år.

Trygg framtid er viktig

– Kva er det som fører til svingingane?

– Det er stort sett unge folk som får ungar, så sikre jobbar og sikker framtid gjer at folk torer å satse på fleire ungar og permisjonar, svarar Lerum.

– Det er klart dette vil få konsekvensar på mange område, frå økonomi, oppvekst, barnehagar, skular og aktivitetstilbod på fritid. Det er vanskeleg å drive fotballag med tre spelarar. Difor må ein tenkja meir Årdal enn Øvre-Tangen, trur eg. 

– Skru ned varmen

Oppmodinga frå helsesøstra i desse kalde tider er klar.

– Skru ned varmen, lag ungar. Det snakkar me om til alle som er innom helsestasjonen, og me hintar alltid til små barn og at dei må ønskjer seg ei veslesøster eller ein -bror til jul, smiler ho. 

Til toppen