FÅ SVAR: Berre 20 prosent har svart på innbyggjarundersøkinga som rådmann Olve Fossedal og ordførar Arild Ingar Lægreid sendte ut for eit par veker tilbake. No vert folk oppmoda om å svare. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). 
FÅ SVAR: Berre 20 prosent har svart på innbyggjarundersøkinga som rådmann Olve Fossedal og ordførar Arild Ingar Lægreid sendte ut for eit par veker tilbake. No vert folk oppmoda om å svare. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv).  (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Berre 20 prosent har svart på undersøkinga

Og fristen går fredag. No ber ordføraren innyggjarane svare på undersøkinga. 

Årdal: For ein månad skreiv Porten.no at ordføraren og rådmannen i Årdal ønskte å vite kva innbyggjarane i kommunen meinte om tenestene dei leverer.

Fredag går fristen ut, og førebels har berre 20 prosent svart på undersøkinga. 

– Difor vil eg no oppmoda alle som har fått dette brevet i posten om å svara. Me er avhengig av ein større svarprosent for å få noko skikkeleg ut av undersøkinga, seier ordførar Arild Ingar Lægreid.

1138 innbyggjarar over 18 år har fått tilsendt eit spørjeskjema i posten. Dette utgjer om lag halvparten av alle husstandane i bygda. 

Gjennom ei innbyggjarundersøking håpar kommunen å lære meir om kva folk meiner om tenestene dei yter, korleis det er å bu i Årdal og om korleis folk synest lokaldemokratiet fungerer.

Det er frivillig og anonymt å delta, men ein svarprosent på 20 er altfor lite.

– Me bør koma oss opp på 40 prosent dersom ein skal kunna bruka svara til noko, forklarar ordføraren.

Har du fått eit slikt brev, er tida knapp. Allereie fredag går fristen ut. 

Til toppen