ÅLEINE: Forhandlingsutvala i Årdal og Lærdal etter det første møtet om intensjonsavtale for storkommune i Sogn. Ingen av utgreiingane har ført fram, og dei to kommunane står no åleine. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
ÅLEINE: Forhandlingsutvala i Årdal og Lærdal etter det første møtet om intensjonsavtale for storkommune i Sogn. Ingen av utgreiingane har ført fram, og dei to kommunane står no åleine. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Berre éin av fire ordførarar trur på samanslåing

Nærare halvparten av ordførarane i landet seier klart nei til samanslåing av kommunar, viser ei undersøking Nationen har gjennomført. Berre éin av fire ordførarar trur på samanslåing.

Årdal/Lærdal: I alt 43 prosent av dei 316 ordførarane (74 prosent) som svarte avisa, sa klart nei til samanslåing.

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) ser ikkje vekk frå at resten kan tvingast til å slå seg saman. Både Sanner og statsminister Erna Solberg (H) har tidlegare understreka at kommunereforma byggjer på fri vilje.

– Det er vedtatt at kommunereforma byggjer på fri vilje, men at Stortinget som det øvste folkevalde organet i landet, har moglegheita til å gjere tilpassingar for å få til gode regionale løysingar, svarar Sanner på spørsmålet om mogleg bruk av tvang.

Undersøking viser at det kan gå mot at i overkant av hundre norske kommunar vedtar kommunesamanslåing denne våren og forsommaren.

Fristen for å søkje samanslåing er sett til 1. juli. 46 prosent av ordførarane seier at dei ikkje trur det går mot samanslåing i deira kommune. Dei andre svarar enten ja (26 prosent) eller veit ikkje (28 prosent). 39 prosent av ordførarane svarar at dei ønsker at deira kommune blir samanslått.

I Sogn og Fjordane er det berre fire kommunar som ikkje er med på i utgreiingar, mellom anna Årdal og Lærdal, som begge har gjort forsøk på å kome fram til intensjonsavtalar om eit stort og eit mindre alternativ. (©NPK)

Til toppen