LABERT OPPMØTE: Politikarane i Sogndal, med Jarle Aarvoll i spissen, fekk det svaret dei ønskte. Men oppmøtet til folkerøystinga kunne ha vore betre.
LABERT OPPMØTE: Politikarane i Sogndal, med Jarle Aarvoll i spissen, fekk det svaret dei ønskte. Men oppmøtet til folkerøystinga kunne ha vore betre. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Berre ein av fire stemde i Sogndal

– Me kunne nok gjerne ha tenkt oss at valdeltakinga hadde vore større, seier ordførar Jarle Aarvoll (Ap).

Sogndal: I Sogndal var oppmøtet til stemmelokala heller labert. Berre ein av fire gadd å seie kva dei meiner om kommunegrensene. 

Ordføraren er skuffa, men seier trenden har vore den same i andre større kommunar.

– Men me skal vere glade for dei som har valgt å nytta seg av røysteretten, seier Aarvoll.

Varaordførar Laura Kvamme (Sp) hadde òg helst sett at oppmøtet var større, men takka dei som faktisk kom.

UTAN PARTNAR: Av dei få som stemte i Sogndal er eit fleirtal for kommunesamanslåing. Varaordførar Laura Kvamme registrerer at kjenslene i nabokommunane ikkje er gjensidige.
UTAN PARTNAR: Av dei få som stemte i Sogndal er eit fleirtal for kommunesamanslåing. Varaordførar Laura Kvamme registrerer at kjenslene i nabokommunane ikkje er gjensidige.

– Tenk for ei påverkingskraft dei har når berre kvar fjerde innbyggjar stemmer. Dei har gitt eit tydeleg svar til oss og det har vi sagt vi skal følgje, seier ho.

Det er berre eitt «men». Sogndal er den einaste kommunen i Sogn som fekk eit klart fleirtal for samanslåing. Dermed spørst det kva politikarane kan nytte folkevilja til, om ingen av nabokommunane vil vere med på dansen.  

– Det er klart, vi må ha nokon å slå oss saman med, seier Kvamme.

– Men vi får heller gå vidare for å sikre alt det andre, nemleg arbeidsplassar, samferdsletiltak, fortsatt gode tenester. Vi er tross alt mange gode kommunar i Sogn og må halde fram å samarbeide slik vi har gjort, seier Kvamme.

Vibeke Johnsen (SV) er glad for at valdeltakinga trass alt nådde 25 prosent. Ei stund såg det enno mørkare ut. 

– Men det er eit spørsmål kva som skal til for at fleire nyttar seg av røysteretten, ikkje berre i dag, men på dei ordinære vala òg. Folk må kjenne at det betyr noko. Der har vi ein veg å gå, seier Johnsen.

Til toppen