RUSKETE: Vind og snø skapar problem på dei fleste fjellovergangane, utanom på Filefjellet. Der er det fri ferdsel.
RUSKETE: Vind og snø skapar problem på dei fleste fjellovergangane, utanom på Filefjellet. Der er det fri ferdsel.

Berre ein fjellovergang er open og utan kolonnekøyring

Det har vore ei ruskete natt og enno skapar snø og vind utfordringar for bilistane. Sjekk status for fjellovergangane her.

Indre Sogn: At uvêr skulle skapa trøbbel i høgda vart varsla allereie for to dagar sidan. OBS-varselet om vanskelege køyretilhøve over 600 meter gjeld ut dagen.

I natt vart Hemsedalsfjellet stengt på grunn av bilberging like før 03.00 og 05.00, men vegen vart opna att etter litt over ein time begge gangane. Vikafjellet vart stengt like før klokka 05.00.

Like etter klokka 06.00 vart det innført kolonnekøyring for alle køyretøy på Hemsedalsfjellet. Det er det framleis.

Slik er stoda i morgontimane:

  • På riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er det kolonnekøyring.
  • På europaveg 16 over Filefjellet kan kolonnekøyring bli innført på kort varsel.
  • Fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland er stengt.
  • Fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin er stengt.
  • Fylkesveg 55 over Sognefjellet er stengt.
  • Riksveg 13 over Vikafjellet er stengt.
Til toppen