NEDGANG: Arbeidsløysa er på veg ned i Vestland. Gulen er blant kommunane med færrast arbeidsledige, medan Hyllestad har førebels blitt hardare råka av koronakrisa.
NEDGANG: Arbeidsløysa er på veg ned i Vestland. Gulen er blant kommunane med færrast arbeidsledige, medan Hyllestad har førebels blitt hardare råka av koronakrisa. (Skjermbilde: Nav)

Berre éin kommune i fylket har færre arbeidsledige enn Gulen

Arbeidsløysa i Vestland fylke er på veg nedover igjen. Hyllestad er ein av kommunane som framleis er hardast råka av koronakrisa, medan det er motsett i Gulen.

Ytre Sogn: Nye tal for arbeidsløysa i Vestland syner at fleire og fleire er på veg tilbake til arbeidslivet etter den rekordhøge arbeidsløysa i samband med koronakrisa. 

Det er 10 675 færre arbeidsledige i Vestland ved slutten av mai enn ved slutten av april månad, melder Nav i ei pressemelding. Det samla talet arbeidsledige i fylket ligg no på 20 677 personar, som er 6,1 prosent av arbeidsstyrken. 

Gulen er blant kommunane i fylket som førebels har blitt minst råka av koronakrisa ifølgje Nav. Kommunen har no nest færrast arbeidsledige. Arbeidsløysa er no på 2,7 prosent, med 33 ledige personar. Det er likevel ein auke frå i fjor på same tid då det var 14 ledige. 

Berre Vik har færre ledige enn Gulen, med 1,7 prosent. 

I Høyanger ligg arbeidsløysa på 4,9 prosent, med 99 ledige. I fjor var talet 47, noko som gjev ei endring på 111 prosent. 

Hyllestad kjem dårlegast ut i Ytre Sogn, men er også ein av kommunane i Vestland med høgast arbeidsløyse. Berre Aurland har fleire ledige. I Hyllestad er 8,2 prosent av arbeidsstokken ledige, noko som tilsvarer 58 personar. I fjor var talet 12, og det gjev ein auke på 383 prosent. 

I Solund er det 3,7 prosent arbeidsløyse og 33 personar er ledige. I fjor var talet 14. 

Til toppen