STORE BRUK: – I 2017-undersøkinga har delen som er for i Høgre auka frå 67 til 91 prosent, og i Framstegspartiet frå 44 til 88, skriv analyseselskapet, som slår fast at det i dette spørsmålet har skjedd ei klar haldningsendring.

STORE BRUK: – I 2017-undersøkinga har delen som er for i Høgre auka frå 67 til 91 prosent, og i Framstegspartiet frå 44 til 88, skriv analyseselskapet, som slår fast at det i dette spørsmålet har skjedd ei klar haldningsendring. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Stortingsvalet 2017

Berre Høgre og Frp vil ha større bruk

Heile 96 prosent av stortingskandidatane ønskjer å halda oppe landbruket på minst same nivå som i dag, men berre kandidatane til Høgre og Frp ønskjer større bruk, viser fersk undersøking.

Opplysningane kjem fram i ei spørjeundersøking AgriAnalyse har gjort på oppdrag for Bondelaget blant 500 av dei nominerte kandidatane til dei åtte partia som er nominerte på Stortinget i inneverande periode. Undersøkinga tek føre seg kva kandidatane meiner om spørsmål som er viktige for landbruket og utviklinga av landbruket framover.

– Klar haldningsendring

Det er sjette gongen at AgriAnalyse gjennomfører ei slik spørjeundersøking blant stortingskandidatane til dei politiske partia, og analyseselskapet slår fast at det no er langt større oppslutnad om landbruket blant stortingspolitikarane enn tidlegare.

Dei viser til at heile 96 prosent av stortingskandidatane i 2017 er for å halda oppe eit landbruk med minst same omfang som i dag, medan tidlegare undersøkingar har vist klare skiljelinjer mellom partia i dette spørsmålet. Medan nesten 100 prosent av kandidatane til SV, Ap, Sp og KrF har ønskt eit jordbruk av minst same omfang som i dag, har Venstre i noko mindre grad hatt same ønsket – og endå mindre kandidatane til Frp. No har dette endra seg.

– I 2017-undersøkinga har delen som er for i Høgre auka frå 67 til 91 prosent, og i Framstegspartiet frå 44 til 88, skriv analyseselskapet, som slår fast at det i dette spørsmålet har skjedd ei klar haldningsendring.

Ulik vektlegging av større bruk

Det er likevel stor skilnad i korleis partia meiner landbruket bør innrettast. Kandidatane til Høgre og Framstegspartiet står åleine om å ønskja større brukseiningar, medan kandidatane til dei tre raudgrøne partia, KrF, Miljøpartiet Dei Grøne og Venstre stort sett ønskjer å vidareføra det landbruket vi har i dag med små og mellomstore bruk over heile landet.

For fire år sidan var det berre 51 av Venstre-kandidatane som meinte dette, medan 66 prosent av kandidatane no vil ha eit jordbruk basert på små og mellomstore bruk over heile landet.

– Landbrukspolitikken meir todelt

Leiaren i Norges Bondelag Lars-Petter Bartnes er glad for at støtta til små og mellomstore gardsbruk har auka blant norske politikarar.

– Hardkøyret til Frp og Høgre for eit meir sentralisert landbruk har nok fått mange til å tenkja ekstra nøye gjennom kva landbruk dei vil ha, meiner han.

Bondelagsleiaren meiner undersøkinga viser ei tydelegare todeling i norsk landbrukspolitikk.

– Landbruksstøtta i Høgre og Frp blir lite truverdig når dei samtidig ønskjer framleis sentralisering og einsretting mot stordrift. Denne retninga svekkjer jordbruket i landsdelar som Vestlandet og Nord-Noreg der naturen ikkje gjev grunnlag for store gardsbruk, seier Bartnes.

Bondelagsleiaren seier at kandidatane til Frp og Høgre i undersøking skil seg klart ut frå dei andre partia i spørsmåla om tetting av inntektsgapet mellom bonden og andre grupper i samfunnet, om støttenivået i landbruket og oppheving av konsesjonslova.

(©NPK)

Til toppen