NESTEN: Det vart berre nesten for Egil Fredriksen og Årdal Metallverk då Leanprisen vart delt ut tysdag kveld. Foto: Kristin Brovold. 

Berre nesten for Hydro

Gilje Tre vart kåra til årets Leanverksemd på ein konferanse tysdag.

Årdal: Som Porten.no tidlegare har skrive, konkurrerte Årdal Metallverk med to andre verksemder om å bli kåra til årets Leanbedrift. 

Det er Lean Forum Norge som deler ut denne prisen. Dette er eit ope forum for å fremja verdiskaping gjennom innovasjon og verksemdutvikling.

Årdal Metallverk deltek med såkalla Aluminium Metal Business System, forkorta AMBS. Dette systemet har dei jobba med i mange år og handlar kort fortalt om å skapa stabilitet i produksjonen og kontinuerleg betring.

Les også: Årdal Metallverk nominert til utviklingspris

I finalen stod det mellom dei, Ringnes Tapperi Gjelleråsen og Gilje Tre, og på ein gallamiddag tysdag kveld var det sistnemnde som fekk den gjeve utviklingsprisen.

– Føremålet med prisen er å løfte fram leiestjernene innanfor betringsarbeid i Noreg, både for å anerkjenne dei og for å læra av dei. Dei tre finalistane blei alle berømma for å bruka strukturert betringsarbeid for å skape konkurransekraft, svært aktiv involvering av dei tilsette og tillitsvalde og betringsarbeidet og veldig gode reusltat.

– Gilje Tre AS skilte seg likevel ut blant finalistane med imponerande 13 000 gjennomførte betringar dei siste ni åra, svært sterkt kundefokus og meget gode betringar i leietid og kvalitet, heiter det i grunngjevinga på Lean Forum Norge.

Til toppen