HØGTFLYGANDE: Ida Jevnaker og Jotun/ÅTIL var så nære så nære sesongens andre siger, men måtte til slutt gi tapte for Gloppen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
HØGTFLYGANDE: Ida Jevnaker og Jotun/ÅTIL var så nære så nære sesongens andre siger, men måtte til slutt gi tapte for Gloppen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Berre nesten for Jotun/ÅTIL

Etter ein pangstart gav Jotun/ÅTIL frå seg initiativet og tapte til slutt knepent for Gloppen.

Jotun/ÅTIL – Gloppen 19-22

Årdal: Jotun/ÅTIL har hatt ein tung sesong resultatmessig med berre éin siger. Søndag burde sesongens andre to-poengar har vore eit faktum.

Heimelaget raste ut frå start og tok leiinga 5-0 i ein periode der dei rundspelte Gloppen, som dei tapte stort for i bortekampen. Så putta gjestane, og plutseleg var det dei som leia kampen.

– Forskjellen på denne kampen og andre kampar er at me viser rutinert spel i mange situasjonar og opnar forsvaret deira gjentatte gonger, men ein god keeper redda vel sju-åtte klare sjansar til oss. Det er forskjellen på laga i dag. Viss me hadde putta dei kanongode sjansane, hadde me vunne utan tvil, seier trenar Olafur Sveinsson etter kampen.

Små feil

Damene frå Årdal tok seg etter kvart saman, og laga fulgte kvarandre tett, men som islendingen påpeikar var det fleire gode sjansar som skulle vore betre utnytta. 

Artikkelen held fram under biletet.

SÅG LYST UT: Med ti minutt att av 2. omgang var det framleis heilt ope om kven som skulle ta to poeng. Sofie Moen jublar etter ei smart scoring.
SÅG LYST UT: Med ti minutt att av 2. omgang var det framleis heilt ope om kven som skulle ta to poeng. Sofie Moen jublar etter ei smart scoring.

– Eg er svært irritert fordi ein ser at jentene er gode nok og skapar fine sjansar, men så er det desse små feila som gjer at dei ikkje får den gode opplevinga som ein så verkeleg ønskjer at dei skal få, legg han til.

Stigande formkurve

Dette var den nest siste heimekampen for dei raude og grøne denne sesongen. Torsdag kjem serieleiar Åsane på besøk før sesongen vert avslutta borte mot BSI og Sotra 2 komande helg. 

– Me blei leika med i bortekampen mot Gloppen, men no har me opparbeidd nok ferdigheiter og rutine til at me byrjar å hevde oss. Det er ei god kjensle, men sett under eit går dette i bølgjedalar. Formkurven har stege gradvis utover sesongen, seier Sveinsson, som nyleg fekk vite at dette truleg blir hans siste sesong.

Til toppen