MERKE: Det oransje merket ved ryggfinnen på fisken viser at fisken vart fanga og gjenutsett i samband med fang og slepp-studien i 2015. Denne hofisken gytte hausten 2015 og har stått på Lærdalselvi sidan juni 2015.
MERKE: Det oransje merket ved ryggfinnen på fisken viser at fisken vart fanga og gjenutsett i samband med fang og slepp-studien i 2015. Denne hofisken gytte hausten 2015 og har stått på Lærdalselvi sidan juni 2015.

Berre seks prosent av merka fisk vart fanga på nytt

Fang- og sleppstudien som er gjort i Lærdalselvi syner svært gode resultat.

Lærdal: I fjor vart 189 laks merka med såkalla «spagettimerker» i Lærdalselvi frå midten av juni og fram til sesongslutt. Målet er å evaluere kva effekt det har å sleppe fisken ut att. 

Gjennom Verdiskaping i Laksefisket i Lærdal-prosjektet (ViLL) skal ein prøve å auke verdiskapinga i sportsfisket i Lærdalselvi og sikra berekraftige naturopplevingar i verdsklasse.

– Den største studien Norsk institutt for naturforsking (NINA) har hatt innanfor dette feltet, var med i overkant av 70 fisk. No har me fått merka 189, og internt sa me at klarte me 100, så er me nøgde. Med så mange fisk, gir det eit betre resultat, byrjar prosjektleiar Henning Urke i INAQ.

Få vert gjenfanga

Han er godt nøgd med det første året av denne studien. Resultata syner at 11 av dei merka fiskane blei gjenfanga. Dette tilsvarar rundt 6 prosent. Berre éin av dei merka fiskane blei funnen død i elva etter merking.

– Det er ein liten del av fisken i Lærdal som vert fanga to gonger. Det er eit solid resultat. Det er også veldig lita dødelegheit. Det er også viktig. 

– Det betyr at fiskarane har handtert fisken skånsamt. Ein må tenkje på at i mange vassdrag er fang og slepp ein risiko på grunn av høg temperatur i elva, men i Lærdalselvi er det sjeldan over 15-16 grader. Med ei kald elv er det mindre negative effektar for fisken, held Urke fram.

Skape verdiar

Laksefiske er ein populær sport, og Lærdalselvi vert kalla dronninga blant lakseelvar. Det betyr at det også ligg mange verdiar her som ein kan dra betre nytte av for elveeigarlaget, som forvaltar laksen i elva. Tal frå slike studiar vil bidra veldig.

– Då er viktig at elveeigarlaget veit kor mange som blir fiska to gonger til dømes. Dersom du skulle fiska i elva og visst at 80 prosent av fisken vert fanga av andre, så er det kanskje enklare å ta livet av han sjølv. Med fem prosent moglegheit, er det god sjanse for at fisken kan bidra i bestanden i framtida. Det er du som sportsfiskar som bestemmer skjebna til fisken.

Mytar rundt gyting

Urke har tidlegare forklart at mange fiskarar trur laksen dauar etter gyting når faktum er at 70-80 prosent overlever. Med dette i tankane, håpar ein at fleire skal setja laks ut att i elva. I tillegg til at all holaks er freda i Lærdalselvi også komande sesong.

– Me veit det er ganske mange som overlever gyting og vinter, og som dermed kjem tilbake til elva som trofélaks etter ei ny runde til havs.  

Eit godt døme på dette var ein laks som var 99 centimeter og vog 5 kilo og vart slept ut att i 2013. Då fisken returnerte til elva i 2014, var han 11 centimeter lengre og over dobbelt så tung.

Blåkopi i 2016

For at studien no skal bli enno meir presis, vil ein utføre ein blåkopi av dette prosjektet også i 2016, men med små justeringar basert på tidlegare erfaringar. Og som i 2015 er ein prisgitt ein stor lokal innsats i gjennomføringa.

– Det er eit par betringspunkt som å få med heile elva tidlegare og betre informasjon til elveeigarane, seier Urke, som også oppmodar fiskarar som fangar merka fisk om å melde tilbake om dette. 

Prosjektet er finansiert av Regionalt forskingsfond Vestlandet med delfinansiering frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Lærdal Elveeigarlag er prosjektansvarleg. 

Til toppen