Indre Sogn: Dette syner eit nytt oversyn frå Frivillighet Norge ifølgje Kommunal Rapport.
Oversynet blei først gjort tilgjengeleg under den årlege frivilligkonferansen i regi av KS og Frivillighet Norge.
– Eg oppfordrar alle kommunar og fylkeskommunar til å utvikle ein frivilligpolitikk. Det er viktig at kommunesektoren legg eit godt grunnlag for at frivillig aktivitet kan bløme. Vi har eit felles ansvar for å skape gode lokalsamfunn, sa KS-leiar Gunn Marit Helgesen i eit innlegg under konferansen ifølgje Kommunal Rapport.
42 kommunar har ifølgje Kommunal Rapport ein samla frivilligpolitikk i form av eit eige dokument som er utarbeida i dialog med den lokale frivillige og som er politisk behandla. Det er ikkje nok at frivillig aktivitet er nemnt i kommunedelplanen.
34 kommunar er i ferd med å få ein slik politikk, medan dei aller fleste kommunar enno er raude flekkar på frivilligkartet, skriv Kommunal Rapport.