MAGNET: Flåm i Aurland, med den vidgjetne Flåmsbana, er ein av stadane der Fjord Norge meiner ein bør kunne krevje turistskatt.
MAGNET: Flåm i Aurland, med den vidgjetne Flåmsbana, er ein av stadane der Fjord Norge meiner ein bør kunne krevje turistskatt. (Foto: Truls G. Sylvarnes)

– Berre turistmagnetane bør krevje turistskatt

Turistboomen over heile landet i sommar har ført til mykje forsøpling. Mange har teke til orde for turistskatt for å finansiere opprydding. Reiselivsgiganten Fjord Norge meiner dette berre bør gjennomførast der turistpresset er størst.

 

Dette skriv  NRK.

– Dei reisemåla i landet som har eit stort turisttrykk og treng inntekter til toalett- og søppelhandtering, kan finna nye inntektsmodellar som kan betala for desse fellesgoda, seier Kristian Jørgensen i Fjord Norge, den store reiselivsorganisasjonen på Vestlandet, til NRK.

Fleire har peikt på ein nasjonal turistskatt som løysinga på søppel- og toalettproblema, men regjeringa og NHO Reiseliv har sagt nei.

Fjord Norge-direktøren var lenge for nasjonal turistskatt, men no har han endra meining: Berre kommunar med ekstra stort turisttrykk bør krevja betaling frå reisande som brukar

 
Til toppen