FAMILIELIKSKAP: Linjene kjenner ein igjen frå Skoda Octavia, men Superb er vesentleg større og meir gedigen. Foto: Jan Harry Svendsen.
FAMILIELIKSKAP: Linjene kjenner ein igjen frå Skoda Octavia, men Superb er vesentleg større og meir gedigen. Foto: Jan Harry Svendsen.

Best i familieklassen?

Rimeleg, diger og komfortabel. Skoda Superb stasjonsvogn fyller dei fleste krava ein har til ein familiebil – men 190 hestekrefter trenger ein ikkje.

Det har aldri mangla på plass i Skoda Superb. Få bilar byr på meir bakseteplass og meir bagasjeplass enn denne tsjekkaren.

For barnefamiliar med fleksibilvegring er det gode nyheiter. Om du i tillegg klarer deg utan toppmodellen, og med ein litt mindre motor, blir heller ikkje bilen så altfor kostbar.

Kostbar toppmodell

Rimelegaste utgåve av Skoda Superb stasjonsvogn heiter Active. Han har ein 1,4 liters TSI motor med 125 hestekrefter og kostar 309.000 kroner. Derfrå er det eit gigantisk hopp opp til testbilen.

Laurin & Klement heiter han, og her kan ein baske i skinn, skjermar og komfort. Med ei sekstrinns dobbeltklutsjkasse og 190 hestekrefter frå ein hardtarbeidande to liters dieselmotor stoppar prisen på 502.900 kroner for testbilen. Då er det i tillegg til standardutstyret lagt på utstyr for rundt 20.000 kroner.

Artikkelen held fram under biletet.

OVERSIKTLEG: Førarmiljøet er oversiktleg og ryddig. Køyrestillinga i Superb er god.
OVERSIKTLEG: Førarmiljøet er oversiktleg og ryddig. Køyrestillinga i Superb er god.

Praktisk

Bakdørene i Superb er lange. Lengre enn på dei fleste andre bilar. Dermed blir også innsteget til baksetet i særklasse enkelt, og plassen er som i ein luksuslimousin med vimplar på framskjermane.

Det er komfortabelt for dei som blir plasserte der, og praktisk for småbarnsforeldre med bakovervendte barnesete. Den gode plassen i baksetet gjer det mogleg å montere inn slike sete utan at det går på kostnad av plassen framfor.

To kubikkmeter

Den digre bakluka opnar seg høgt ved hjelp av eit knappetrykk i testbilen. Til syne kjem eit bagasjerom som, med bakseta i bruk, svelger 660 liter – og heile 1950 liter, altså nesten to kubikkmeter, om du legger ned bakseteryggen.

Artikkelen held fram under biletet.

CAR PLAY: Koplar du mobiltelefonen til USB-utgangen i midtkonsollen, kjem enkelte telefonfunksjonar opp multimedieanlegget i bilen.
CAR PLAY: Koplar du mobiltelefonen til USB-utgangen i midtkonsollen, kjem enkelte telefonfunksjonar opp multimedieanlegget i bilen.

Med eit klikk går bakluka igjen, og vi ser ein bil som er over 4,8 meter lang. Berre Ford Mondeo strekkjer seg lengre – men plassmessig klarer han likevel ikkje å halde stand mot tsjekkaren.

Hakket bak Passat

Skoda har gjort ein god jobb med den nye bilen, men om ein samanliknar han med konsernsystera Passat, ligg han alltid eit lite hakk bak. Det ser ein på interiøret som ikkje er like gedigent. Kvalitetskjensla i Superb er også svært bra, og materialutvalet er fint, men like godt som i Passat er det ikkje.

Det same gjeld komforten, der Passat også er eit lite hestehovud framfor. Men så kostar også Volkswagen Passat meir, samtidig som det er i Volkswagens interesse å ikkje kannibalisere for mykje i eigne rekker.

Komfortabel

Ute på vegen er Superb eit triveleg kjennskap. Den lange akselavstanden gir bilen god retningsstabilitet, og det adaptive chassiset på vår testbil sørgjer for god komfort over ujamnheitene. Samtidig har ein moglegheita til å velje eit litt skarpare oppsett når ein har nokre mil med svingete veg framfor seg. Men om du no trur at eg skal rose Superb for også å vere sportsleg, tar du feil. Denne bilen er langt frå det, sjølv om køyreeigenskapane er gode.

Vel mindre motor

Under panseret på testbilen sit den største dieselmotoren med 190 hestekrefter. Den gir godt med skyv, men ingen trenger ein familiebil som klarer akselerasjonen frå 0 til 100 kilometer i timen på 7,7 sekund. Toppfarten på 235 kilometer i timen er også mest av akademisk interesse.

Artikkelen held fram under biletet.

LA DET REGNE: Eit eige paraplyrom i førardøra er smart.
LA DET REGNE: Eit eige paraplyrom i førardøra er smart.

Sjølvsagt er kombinasjonen med den sekstrinns toklutsjkassen både komfortabel og lettkøyrd, men i enkelte situasjonar legg girkassen litt mykje vekt på dreiemomentet til motoren og er litt motvillig til å gire ned. Skjemmande er også motorvibrasjonane, som i enkelte tilfelle er vel tydeleg.

Fem stjerner

Sikkerheitsmessig klarer Superb seg bra. I bakseta er det Isofix-feste, og i Euro NCAP testen fekk sedanutgåva av bilen fem stjerner. Av assistentsystem er det meste på plass, og sjølv i innstegsmodellen (Style) finn vi trøttheitsvarslar, front assist med bremseassistent og nødbremseassistanse.

Det er liten tvil om at Skoda er veldig nær idealet om å tilby ein ikkje altfor kostbar bil, med god sikkerheit og fin komfort. Plassmessig er han i særklasse, og dermed utgjer bilen eit godt alternativ for dei som ikkje er så opptatt av merket i grillen – og som vil ha ein bil og ikkje ein kasse på hjul. (©NPK) 

Til toppen