BEST: Saman med Telemark er Sogn og Fjordane best på Den Kulturelle Skulesekken. Her frå ein av turneane. Foto: David Zadig 
BEST: Saman med Telemark er Sogn og Fjordane best på Den Kulturelle Skulesekken. Her frå ein av turneane. Foto: David Zadig 

Best i landet på Den kulturelle skulesekken

Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått førsteplass på Norsk kulturindeks 2016 når det gjeld tilbod i Den kulturelle skulesekken (DKS). 

Sogn og Fjordane: – Vi er kjempeglade for å hamne på ein delt førsteplass. Det viser at vi gjer ein god innsatsen for å gje elevane i Sogn og Fjordane eit godt kulturtilbod, seier DKS-koordinator i Sogn og Fjordane, Øyvind Høstaker i ei pressemelding.

Dei siste åra har Sogn og Fjordane fylkeskommune jobba aktivt med å balansere tilbodet med ulike kunstuttrykk. Mellom anna her dei lagt ned ein innsats i å få på plass fleire filmtilbod, ein sjanger som tidlegare har vore underrepresentert i tilbodet til skulane. At det samla resultatet sende nettopp Sogn og Fjordane og Telemark til topps i kåringa synest Høstaker er interessant.

NØGD: DKS-koordinator i Sogn og Fjordane, Øyvind Høstaker er sjølvsagt nøgd med den delte føresteplassen.
NØGD: DKS-koordinator i Sogn og Fjordane, Øyvind Høstaker er sjølvsagt nøgd med den delte føresteplassen.

– Telemark er det fylket vi har tettast kontakt med. Mellom anna skal vi turnere filmen «Dans for livet», der DKS Telemark har vore medprodusent, for mellomtrinnet til vinteren, fortel han.

Gode tilbakemeldingar frå skulane

DKS Sogn og Fjordane har også fått mange gode tilbakemeldingar frå skulane i fylket på tilbodet i den kulturelle skulesekken.

– Skulane gjev uttrykk for at dei er nøgde med innhaldet i tilbodet når det gjeld både musikk, scenekunst, dans og andre kulturutrykk. Då har vi grunn til å vere nøgde. Men på same tid har vi har alltid noko å strekke oss etter. Når vi no jobbar med å få på plass tilbodet til neste skuleår, er målet at det skal vere eit breitt tilbod når det gjeld sjangrar, og at kvaliteten på innhaldet skal vere på topp, seier Høstaker.

DKS Sogn og Fjordane har om lag 35 turnear i året. I 2015 – som er året resultata i Norsk kulturindeks er basert på – hadde dei totalt 1010 framsyningar for elevar i fylket.

For å kome fram til resultata i kulturindeksen, har Telemarksforsking sett på breidda og omfanget i DKS-tilbodet totalt for alle kommunane i fylket. Det vil seie kor mange ulike sjangrar elevane har fått oppleve, og kor mange elevar mellom 6 og 15 år som har delteke på ei DKS-framsyning.

 

Til toppen